Sisters of Charity of Montreal | |||
Skipa | 18. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Montreal | ||
Nettstad | https://sgm.qc.ca/ |
The Sisters of Charity of Montreal, tidlegare kalla The Sisters of Charity of the Hôpital Général of Montreal og vanlegvis kjende som Grey Nuns of Montreal, er eit religiøst institutt i Canada danna av katolske religiøse systrer. Det blei skipa i 1737 av Marguerite d'Youville, som var ei ung enke.[1]
Kyrkjesamfunnet blei skipa av Marguerite d'Youville og tre venner som danna ei religiøs gruppe for å ta vare på fattige. Dei leigde eit lite hus i Montreal den 30. oktober 1738, og tok inn eit lite tal utfattige personar. Den 3. juni 1753 fekk gruppa kongeleg godkjenning, og fekk også overført rettane og privilegia gjevne i 1694 til Frères Hospitaliers de la Croix et de Saint-Joseph, kjend etter grunnleggjaren sin, Frères Charon. Dei tok også over arbeidet til dei bankerotte Frères Charon ved Hôpital Général de Montréal utanfor bymuren.[2]
I 1755 pleia systrene folk som var sjuke under ein kopparepidemi. Nokre av dei dei hjelpt var First Nations-folk i Oka, som seinare var nokre av dei som hjelpte til med å byggja opp att sjukehuset etter ein brann i 1765.[2]
Etter 1840 voks ordenen raskt, og i løpet av dei neste 100 åra blei han ein viktig bidragsytar innan helse- og sosiale tenester i Quebec og i Vest- og Nord-Canada, og i nordlege USA.[3] I 1855 blei systrene kalla til Toledo i Ohio for å sjå etter dei mange som leid av kolera der.[4]
St. Joseph Hospital blei skipa fi 1906 i Nashua av St. Louis de Gonzague sokn, hovudsakleg for fransk-kanadiarar i området. Sisters of Charity of Montreal byrja arbeida der i 1907. Sjukehuset blei innvig 1. mai 1908.[5] Nonnene grunnla også ein sjukepleiarskule. I 1938 overførte soknet eigarskapen til ordenen.[6]
I 1983 grunnla Sisters of Charity of Montreal eit katolsk regionalt helsesystem, Covenant Health Systems, som ikkje var profitt, for å driva helsetenester, sosiale tenester og pleie for eldre i heile New England.[7] I 1996 blei støtta for St. Joseph Hospital i Nashua overført frå Grey Nuns til Covenant Health Systems.
Nonnene var både sjukepleiar og lærarar i kostskulesystemet for urfolk, Indian Residential Schools, som dei føretrekte misjonærpartnarane til Oblatfedrane,[8]:30 som ikkje hadde løyve til å undervisa jenter.[8]:96 Oblatfedrane betalte foreldre for å la ungane deira dra til kostskulane. På skulane bidrog dei til prosjektet med å fjerna barna frå det tradisjonelle levesettet deira slik at dei kunne bli «siviliserte».[8]:92
Elevar ved skulane var utsette for fysisk og seksuell mishandling,[9]:104-107 matmangel[9]:88-89 og blei nekta å snakka morsmåla sine eller følgja kulturelle skikkar.[9]:4-6 Truth and Reconciliation Commission blei seinare oppretta for å dokumentera mishandlinga som gjekk føre seg på desse skulane.[10]
Nonnene arbeidde på ein av dei mest illgjetne skulane, St. Anne's Indian Residential School i Fort Albany i Ontario. To systrer er blitt dømde for overgrep på denne skulen.[11] Nonnen arbeidde også på Holy Angels Residential School i Fort Chipewyan, der Mikisew Cree First Nation, Athabasca Chipewyan First Nation og Fort Chipewyan-métisar hyra arkeologar for å leita etter umerka graver tidlegare elevar hadde fortalt om.[12]:14[13]
Andre kostskule systrene arbeidde på var mellom anna Île-à-la-Crosse Residential School,[8]:96 Lac la Biche (Notre Dame des Victoires) Residential School,[8]:95 St. Albert (Youville) Residential School,[8]:95 Qu'Appelle Indian Residential School,[8]:ix St. Boniface Residential School,[8]:690 Assiniboia Indian Residential School,[14]:241 Shubenacadie Indian Residential School,[8]:241 Fort Providence Residential School,[8]:707 Blue Quills Residential School,[15]:90 internatet ved Fort Smith,[16]:50 Fort Resolution Indian Residential School,[16]:149 og Chesterfield Inlet (Turquetil Hall) Residential School.[15]:439
Både Sisters of Charity og Oblatfedrane har klaga på skildringa av handlingane deira under IRSSA-prosessen, med utsegner om at dei meinte mange elevar hadde positive opplevingar og at nokre av medlemmane deira var blitt uskuldig skulda for brotsverk.[17]:168
I 2008 var det ulike greiner av Sisters of Charity i Canada, USA, Colombia, Brasil, Japan, Haiti, Den sentralafrikanske republikken, Sør-Afrika, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Argentina, Uruguay, Bahamas og Den dominikanske republikken.[18][19]
Ordenen dreiv tidlegare fleire større sjukehus i Canada; mange av desse er seinare tekne over anten av større kyrkjeorganisasjonar eller av staten.[20] Grey Nuns' Hospital-bygningen frå 1765 i Montreal blei utnemnd til National Historic Site of Canada i 1973.[21] I 2011 blei også Grey Nuns Motherhouse, det tidlegare moderhuset til ordenen i Montreal som no er del av Concordia University, utnemnd til National Historic Site.[22]
Nonnene driv no fleire krisesenter for kvinner utsette for partnarvald (med og utan barn), senter for kvinner i naud, klede- og matusentralar, senter for funksjonshemma og nokre helsesenter. St. Boniface General Hospital i Winnipeg tilhøyrer framleis ordenen.
I 1993 var det estimet at det var like under 3000 Sisters of Charity i Canada, hovudsakleg i Quebec og Ontario.[23] I 2014 var det rundt 136 systrer i Montreal-gruppa, med ein gjennomsnittalder kring 85.[3] Gruppa i Quebec har ikkje rekrutter nye medlemmar sidan før 2000. Dei flytta ut av den opphavlege moderbygningen sin i Montreal i 2013.[24]