58°34′41.797″N 15°55′16.496″E / 58.57827694°N 15.92124889°E Skärblacka er ein svensk tettstad i Norrköpings kommun i Östergötlands län i Östergötland. I 2005 hadde tettstaden 525 innbyggjarar. På folkemunne blir kalla staden berre Blacka.
Fram til 1971 var staden administrasjonssted i Skärblacka kommune, og har eit relativt godt utbygd sentrum, med ishall, symjehall og ungdomsskule.
Skärblacka har ein stasjon ved jernbanestrekninga Kimstad – Finspång, men sidan 1970 har det berre blitt køyrt godstrafikk. Busstrafikken til Norrköping, Finspång og Linköping er godt utbygd.
Den dominerende arbeidsgjevaren er den store papirfabrikken, ein del av Billerud. Ein produserer først og fremst papir til posar, sekkar og wellpapp. Fabrikken blei bygd i 1872, men dagens industri blei bygd opp på 1960-talet. Mange av innbyggjarane pendlar til Norrköping og Finspång.