Solfrid Koanda | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. november 1998 (26 år) Uleåborg |
Idrett | vektløfting |
Tok del i | 2021 World Weightlifting Championships – Women's 87 kg, EM i vektløfting 2022, 2022 World Weightlifting Championships – women's 87 kg, 2023 World Weightlifting Championships – Women's 87 kg |
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Tevla for Noreg | ||
Olympiske leikar | ||
Gull | OL 2024 | Samanlagd |
Verdsmeisterskapen i vektløfting | ||
Gull | VM 2023 | Støt |
Gull | VM 2021 | Støt |
Bronse | VM 2021 | Samanlagd |
Europameisterskapen i vektløfting | ||
Gull | EM 2022 | Rykk |
Gull | EM 2022 | Støt |
Gull | EM 2022 | Sammenlagt |
Bronse | EM 2021 | Støt |
Solfrid Eila Amena Koanda (fødd 13. november 1998) er ein norsk vektløftar i vektklassen under 87 kilo. Ho er busett i Grimstad og representerer Larvik Atletklubb. I april 2021 vann ho bronse i øvinga støt under EM i vektløfting, med ny nordisk rekord på 135 kg.[1] Ho tok gull i støt og bronse totalt under VM i vektløfting 2021, igjen med ny nordisk rekord. Dette var dei fyrste norske medaljane innan vektløfting i VM-samanheng sidan 1974.[2]
Koanda vann kongepokalen i 2022, 2023 og 2024. I 2023 blei ho verdsmeister for andre gong etter 156 kg i støt.[3] I 2024 tok ho gull i OL i Paris, etter å ha sett olympisk rekord.[4][5]
Koanda er fødd i Finland med norsk mor og ivoriansk far. Som niåring flytta ho saman med foreldra til Grimstad.
I 2020 byrja Koanda med vektløfting. I februar 2021 kvalifiserte ho seg til europameisterskapen i vektløfting etter norske rekordar 96 kg i rykk og 125 kg i støt i eit stemne i Lillesand.[6]
Dei personlege rekordane til Koanda er også gjeldande nordiske rekordar.
87-kilosklassen | ||||
---|---|---|---|---|
Øving | Vekt | Dato | År | Stad |
Rykk | 123 kg | 31. mars | 2024 | Phuket |
Støt | 160 kg | 19. februar | 2024 | Sofia |
Samanlagd | 280 kg | 19. februar | 2024 | Sofia |
Plassering | Øving | År |
---|---|---|
Gull | 87 kg | 2022, 2023, 2024 |
Gull | +87 kg | 2021 |
Sølv | 87 kg | 2020 |