Song to a Seagull Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. mars 1968 | |
Innspelt | 1967 | |
Studio | Sunset Sound Recorders i Hollywood i California | |
Sjanger | Folk[1][2] | |
Lengd | 38:00 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | David Crosby | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
---|---|---|
Song to a Seagull | Clouds (1969)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
MusicHound | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Pitchfork | 6.7/10[4] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Martin C. Strong | 7/10[7] |
Virgin Encyclopedia of Popular Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Song to a Seagull er debutalbumet til Joni Mitchell frå 1968. Mitchell sa seinare at albumet kom til som følgje av kjærleiken hennar til klassisk musikk og ikkje så mykje viser, og dette kan ein høyre gjennom dei fyldige, rike og ofte uvanlege harmoniane, og den ordrike poetiske teksten. Albumet vart opphavleg gjeven ut utan tittel eller berre kalla Joni Mitchell på grunn av ein feil i distribusjonsavdelinga til Reprise Records.
Song to a Seagull er eit konseptalbum delt i to halvdelar. «I Came to the City» og «Out of the City and Down to the Seaside». Dei to halvdelane samsvarar med dei to sidene på vinylutgåva, som vart kalla «Part 1» og «Part 2» i staden for den vanlege «Side 1» og «Side 2»). Den første songen omhandlar det mislukka ekteskapet med Chuck Mitchell i Detroit, og liknande tema utforska på «Michael from Mountains», som stillar spørsmål om ein verkeleg kan elske nokon utan å kjenne dei. «Night in the City» er ei hyllest til nattelivet. «Marcie» skildrar ei einsam kvinne, medan «Nathan La Franeer» endar side ein med ei soge om ein bitter taxisjåfør som Mitchell ein gong møtte.[8]
Side ein omhandlar meir naturlege og organiske tema: «Sisotowbell Lane» skildrar heimleg lykke (Joni har sagt at «Sisotowbell» står for «Somehow, in spite of trouble, ours will be ever lasting love»),[9] og «The Dawntreader» og «Pirate of Penance» omhandlar sjøen - den første om ein mystisk kaptein som kallar ho til seg, og ein mordarisk sjørøvar som ein dansar forelskar seg i. Somme har spekulert i om «The Dawntreader» er skriven for David Crosby, men Mitchell har nekta for dette. Den siste to songane omhandlar fridom: «Song to a Seagull» og «Cactus Tree». «Song to a Seagull» er særleg merkverdig for den uhemma handsaminga av ønsket om fridom.
Mitchell hadde skrive songar som vart hittar for andre artistar (t.d. «Both Sides Now» og «Chelsea Morning» av Judy Collins, «Eastern Rain» av Fairport Convention, «Urge for Going» og «The Circle Game» av Tom Rush), men valde ikkje å spele inn nokre av desse for debutalbumet sitt. Albumet er tileigna «Mr. Kratzman, who taught me to love words» («Mr. Kratzman, som lærte meg å elske ord»).
Alle spor skrivne av Joni Mitchell
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Had a King» | 03:37 |
2. | «Michael from Mountains» | 03:41 |
3. | «Night in the City» | 02:30 |
4. | «Marcie» | 04:35 |
5. | «Nathan La Franeer» | 03:18 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Sisotowbell Lane» | 04:05 |
7. | «The Dawntreader» | 05:04 |
8. | «The Pirate Of Penance» | 02:44 |
9. | «Song to a Seagull» | 03:51 |
10. | «Cactus Tree» | 04:35 |
Liste (1968) | Plassering |
---|---|
US Billboard 200[10] | 189 |