L.A. Woman Song av The Doors frå albumet L.A. Woman | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1971 | |
Innspelt | desember 1970-januar 1971 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 7:49 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | Jim Morrison | |
Tekstforfattar | Jim Morrison | |
Låtskrivar(ar) | Jim Morrison Robby Krieger Ray Manzarek John Densmore | |
---|---|---|
Produsent | The Doors Bruce Botnick |
«L.A. Woman» er ein song av det amerikanske bandet The Doors. Songen er tittelsporet på albumet L.A. Woman frå 1971, det siste albumet med frontmannen Jim Morrison før han døydde.
I avslutninga på songen syng Morrison fleire gonger Mr. Mojo Risin', som er eit anagram av «Jim Morrison».
Songen vart spelt inn i The Doors Workshop på Santa Monica Boulevard i West Hollywood i Los Angeles, mellom desember 1970 og januar 1971. Marc Benno var andregitarist på innspelinga, medan Jerry Scheff spelte bassgitar.
Albumversjonen startar med eit bassriff som høyrest ut som «God Save the Queen» eller «My Country Tis of Thee».
I 1985, 14 år etter Morrison døydde, regisserte Ray Manzarek ein musikkvideo for songen. Han vart vist på MTV og finst i Doors-filmen Dance on Fire.