Songs of Our Soil

Songs of Our Soil
Studioalbum av Johnny Cash
Språk engelsk
Utgjeve Original: September 1959
Re-issue: 27. august 2002
Innspelt 24. juli 1958, 13. januar 1959 og 12. mars 1959
Sjanger Country
Lengd Original: 25:40
Re-issue: 29:34
Selskap Columbia
Produsent Don Law, Al Quaglieri
Kritikk
Johnny Cash-kronologi 
Hymns by Johnny Cash
(1959)
Songs of Our Soil Sings Hank Williams
(1960)


Songs of our Soil er det sjette albumet til countryartisten Johnny Cash. Det vart fyrst sleppt i september 1959Columbia Records, og seinare gitt ut på ny 27. august 2002 med to bonusspor.

Eit tema som går om att på denne plata er dauden. "The Man on the Hill", "Hank and Joe and Me", "Clementine" og "My Grandfather's Clock" handlar alle om dauden. "Don't Step on Mother's Roses" handlar om ein familie der både mora og faren døyr. "The Great Speckled Bird" er ein tradisjonell hymne om Jesu gjenkomst. "The Caretaker" er ei historie om ein vaktmeister på ei gravlund som grublar over kven som skal sørgja over han når han døyr. Til og med "Five Feet High and Rising" ("the hives are gone; I lost my bees") og "Old Apache Squaw" ("…the next white man that sees my face is gonna be a dead white man") nemner dauden eit par gonger.

Cash medgjekk sjølv at han var fascinert av dauden på denne tida, delvis på grunn av at han stadig vart meir og meir avhengig av amfetamin og sovemedisin.[3]

Innspeling

[endre | endre wikiteksten]

"Drink To Me" vart spelt inn 24. juli 1958, same dag som mesteparten av The Fabulous Johnny Cash vart spelt inn. "It Could Be You (Instead of Him)" vart spelt inn 13. januar 1959, same dag som mesteparten av Hymns by Johnny Cash vart spelt inn. Resten av songane vart spelt inn 12. mars 1959. Alle songane vart spelt inn i Bradley Film & Recording Studios i Nashville, Tennessee.[4]

Songar som ikkje er merkja med komponist er laga av Cash.

Nr.TittelLengd
1.«Drink to Me»1:54
2.«Five Feet High and Rising»1:46
3.«The Man on the Hill»2:09
4.«Hank and Joe and Me»2:13
5.«Clementine» (Billy Mize, Buddy Mize)2:30
6.«The Great Speckled Bird» (Trad.)2:09
7.«I Want to Go Home» (Trad.)1:58
8.«The Caretaker»2:06
9.«Old Apache Squaw»1:46
10.«Don't Step on Mother's Roses»2:34
11.«My Grandfather's Clock» (Henry Clay Work)2:45
12.«It Could Be You (Instead of Him)» (Vic McAlpin)1:50
Nr.TittelLengd
13.«I Got Stripes»2:05
14.«You Dreamer You»1:49

Listeplassering

[endre | endre wikiteksten]

Singlar - Billboard (Nordamerika)

År Singel Hitliste Posisjon
1959 "Five Feet High and Rising" Country Singles 14
1959 "Five Feet High and Rising" Pop Singles 76

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Anna personell

  • Don Law - Produsent
  • Al Quaglieri - Reissue produsent
  • Seth Foster - Teknikar
  • Mark Wilder - Mastering, Mixing
  • Billy Altman - Liner Notes
  • Don Hunstein - Fotograf
  • Steven Berkowitz - A&R
  • Howard Fritzson - Art Direction
  • Randall Martin - Design
  • John Christiana - Packaging Manager

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]