Staffan Strand | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. april 1976 (48 år) Upplands Väsby |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Bo Staffan Strand (fødd 18. april 1976) er ein svensk tidlegare høgdehoppar frå Upplands Väsby. Han vann høgdetevlinga ved innandørs-EM 2002 og tok bronsemedaljen i EM i friidrett 2002. Strand sitt personbeste innandørs er 2,35 meter, utandørs nådde han ikkje høgre enn 2,32 m. Han vart svensk meister i høgdehopp 1995-97.
Strand sette personleg rekord i Nice sommaren 2000 med eit hopp på 2,32 meter. Same høgda klarte han også i OL-finalen 2000 i Sydney, noko som gav han ein delt sjetteplass. Innandørssesongen 2002 vann han høgdetevlinga i europameisterskapen i Wien då han svinga seg over 2,34 meter, eit par månader seinare presterte han 2,35 m i Stockholm. Under Friidretts-EM 2002 kneip han bronsemedaljen, trass i at han ikkje hoppa høgre enn 2,27 m.