Serbia er offisielt delt inn i fem statistiske regionar (serbisk статистички региони Србије, statistički regioni Srbije).[1] Regionane har ingen administrativ funksjon. Dei grunnleggjande administrative einingane i Serbia er kommunar og byar, som er samla i 29 distrikt (pluss hovudstaden Beograd, som er ein kommune, men har status på nivå med distrikta).
I Lov om regional utvikling (Закон о регионалном развоју, Zakon o regionalnom razvoju) av 13. juli 2009 vart det stadfesta at Serbia skulle delast inn i sju statistiske regionar:[2][3]
Gjennom ei lovendring 7. mai 2010 vart talet på regionar redusert til fem:[4][5]
Den statistiske regionen Kosovo og Metohija er kontrollert av den delvis anerkjende sjølvstendige republikken Kosovo og derfor ikkje i bruk i serbisk statistikk.
Region | Distrikt |
---|---|
Vojvodina Војводина |
Nord-Bačka, Nord-Banat, Sental-Banat, Srem, Sør-Bačka, Sør-Banat, Vest-Bačka |
Beograd Београд |
Beograd |
Šumadija og vestlege Serbia Шумадија и западна Србија Šumadija i zapadna Srbija |
Kolubara, Mačva, Moravica, Pomoravlje, Rasina, Raška, Šumadija, Zlatibor |
Sørlege og austlege Serbia Јужна и источна Србија Južna i istočna Srbija |
Bor, Braničevo, Jablanica, Nišava, Pčinja, Pirot, Podunavlje, Toplica, Zaječar |
Kosovo og Metohija Косово и Метохиja Kosovo i Metohija |
Kosovo, Kosovo-Pomoravlje, Kosovska Mitrovica, Peć, Prizren |