Stills av Stephen Stills Studioalbum av Stephen Stills | ||
Utgjeve | 23. juni 1975 | |
Innspelt | 1971-1975 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 38:19 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Stephen Stills, Bill Halverson | |
Stephen Stills-kronologi | ||
---|---|---|
Down the Road (1973) |
Stills av Stephen Stills | Stephen Stills Live (1975)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | (negativ)[2] |
Stills er eit studioalbum frå 1975 av den amerikanske musikaren Stephen Stills. Det var det tredje soloalbumet hans og det første han gav ut på Columbia Records.
Stills byrja å spele inn eit soloalbum i 1973 med arbeidstittelen As I Come of Age, og det var «nesten ferdig» i februar 1974.[3] Han kan ha spelt inn meir tidleg i 1974, men frå mai til desember var Stills oppteken med eit sameina Crosby, Stills, Nash and Young.[4] Stills fekk kontrakt med Columbia tidleg i 1975 og vende attende til dette albumet, som var «ei samling songar Stephen hadde arbeidd på dei føregåande åra», mellom andre «mange songar spelte inn for As I Come of Age».[5] Pianoet og trommespora av Stills og Ringo Starr for As I Come of Age var datert attende ti 1971,[6] medan «Turn Back the Pages» vart spelt inn i 1975.[7] Sjølv om «My Angel» vert tilskriven Stills og Dallas Taylor, og Stills kalla det ein «jam over fleire Dallas-rytmar»,[6] spelte Stills inn ein demo av songen i mars 1967, før han trefte Taylor.[8]
Alle spor skrivne av Stephen Stills, utanom de andre er nemnde
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Turn Back the Pages» | Donnie Dacus, Stills | 4:04 |
2. | «My Favorite Changes» | 2:50 | |
3. | «My Angel» | Stills, Dallas Taylor | 2:25 |
4. | «In the Way» | 3:35 | |
5. | «Love Story» | 4:11 | |
6. | «To Mama from Christopher and the Old Man» | 2:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «First Things First» | Joe Schermie, Jon Smith, Stills | 2:10 |
8. | «New Mama» | Neil Young | 2:21 |
9. | «As I Come of Age» | 2:33 | |
10. | «Shuffle Just as Bad» | 2:39 | |
11. | «Cold Cold World» | Dacus, Stills | 4:38 |
12. | «Myth of Sisyphus» | Kenny Passarelli, Stills | 4:28 |