Ståle Kleiberg | |||
| |||
Fødd | 8. mars 1958 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stavanger kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | komponist, musikkforskar |
Ståle Kleiberg (fødd 8. mars 1958 i Stavanger) er ein norsk komponist, professor og skribent. Han er filolog frå Universitetet i Oslo, med musikk, allmennlitteratur og nordisk i fagkrinsen; i tillegg har han diplomeksamen i komposisjon frå Norges Musikkhøgskole og komposisjonsstudiar i England. Kleiberg er professor i komposisjon og musikkvitskap ved NTNU i Trondheim. Han har forska på fransk og norsk musikk frå 1900-talet, og på tysk musikk frå andre halvdel av 1700-talet. Han er medredaktør i Norges musikkhistorie. Kleiberg fekk Fartein Valen-stipendet i 1999 og blei vald til årets komponist av Trondheim symfoniorkester for sesongen 2000-2001.
Kleiberg har skrive ei rekkje komposisjonar i ulike genrar. Noko av det første han skreiv var ein syklus med Haugtussa-songar, med utgangspunkt i Garborgs kjende verk. Hans Requiem for the victims of Nazi persecution er framført med suksess i ei rekkje land. Verket blei mellom anna framført i Washington National Cathedral den 11. september 2004, altså på minnedagen for terroråtaka i New York og Washington. Komposisjonen Rosevinduet er dels inspirert av Gabriel Kiellands kunstverk i Nidarosdomen, dels av Stein Mehrens dikt på same tema. Symfonien med tittelen Klokkeskjæret og orkesterverket Lamento: Cissi Klein in memoriam har òg nådd vidt ut.