Svein Mathisen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. september 1952 Sauda kommune |
Død | 27. januar 2011 (58 år) Kristiansand kommune |
Idrett | fotball |
Svein «Matta» Mathisen (30. september 1952–27. januar 2011) var ein norsk landslagsspelar i fotball.
Mathisen vart fødd i Sauda. Etter at han starta som profesjonell fotballspelar i 1973, vart han verande heile karrieren sin i IK Start. Den einaste andre klubben han har spelt i var skotske Hibernian FC ein kort periode i 1978, før han vendte tilbake til Start. Han vart deretter verande i klubben til han la opp som fotballspelar i 1989. Til saman spelte han 327 kampar for start og skåra 106 mål, og han var med på å vinna eliteserien med Start to gonger.
Svein Mathisen kom inn på det norske landslaget i 1975, og fekk 25 landskampar (2 mål) for Noreg fram til 1985. Dette gjorde han fortent til heidersutmerknaden Gullklokka.
Etter dette jobba Mathisen noko i NRK og i TV 2 Sporten før han vart sportssjef i Start. [1] I juli 2010 fekk han beskjeden om at han hadde kreft, og han døydde i januar 2011 etter kort tids sjukdom. Han etterlét seg kone og tre born. Sonen Jesper Mathisen spelar også for Start. [2]
* Artikkelen er basert på Bokmålswikipedia om Svein Mathisen, 28. januar 2011.