Sverre Stallvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. oktober 1927 Trondheim |
Død | 7. mars 2015 (87 år) Trondheim |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1956 |
Sverre Stallvik (11. oktober 1927–7. mars 2015) var ein norsk skihoppar frå Trondheim som vart noregsmeister i 1955. Han var medlem i Byåsen Idrettslag.
Stallvik slo seg inn i eliten av norske skihopparar i 1949-sesongen. Han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1950 og vart nummer to i 1953, då svensken Karl Holmström vann. Også i Holmenkollrennet vart han nummer to i 1953, bak overraskingsmannen Otto Austad. I 1955 vart Stallvik noregsmeister på Voss, 0,9 poeng føre Asbjørn Osnes.
I Ski-VM 1954 i Falun vart Stallvik nr 17. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1955/56, og vart nummer 8 i opningsrennet i Oberstdorf. Til liks med heile den norske hopptroppen reiste han etter to renn heim til Noreg, for å trene til OL i Cortina d'Ampezzo. Under Vinter-OL 1956 vart han nummer ni og beste nordmann.