Svetlana Ulmasova

Svetlana Ulmasova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 4. februar 1953
Novyje Balykly
Død

6. april 2009 (56 år)
Basjkortostan

Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk russisk
Høgd 161 centimeter

Svetlana Viktorovna Ulmasova (4. februar 19536. april 2009) var ein sovjetisk langdistanseløper frå Basjkortostan. Ho vart europameister på 3000 meter både i 1978 og 1982.

Ulmasova vann gullmedaljen i friidretts-EM 1978 i Praha etter eit løp på 8.33,2. Ho forsvarte EM-tittelen fire år seinare i Aten, med tida 8.30,2 slo ho sølvvinnaren med seks sekundar. Vel ein månad føre meisterskapen i Aten forbetra ho verdsrekorden på 3000 m til 8.26,7, dermed sletta ho den seks år gamle rekorden til Ljudmila Bragina. Verdsrekorden stod i to år.

Under verdsmeisterskapen i friidrett 1983 i Helsingfors vart Ulmasova nummer fire, mindre enn sekundet bakom vinnaren Mary Decker frå USA.