Sílvia Alberto | |||
| |||
Fødd | 18. mai 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lisboa | ||
Aktive år | 2000– | ||
Verka som | programleiar, skodespelar, filmskodespelar |
Sílvia Alberto (fødd 18. mai 1981 i Lisboa) er ein portugisisk programleiar og skodespelar. Ho byrja karrieren i 2000 som programleiar for Clube Disney på RTP1.[1] Ho er ansatt hos ålmennkringkastaren RTP og var ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.[2]
Alberto studerte teater ved Film- og teaterskulen i Lisboa (Escola Superior de Teatro e Cinema) før ho byrja som programleiar ved RTP. Blant anna har ho leia Festival da Canção, det portugisiske svaret på Melodi Grand Prix, sju gongar.[3] Ho har også vore programleiar for Dança Comigo (den portugisiske versjonen av Skal vi danse?) i tillegg til talentshowa Operação Triunfo og Aqui há talento.[4][5]
Alberto jobba også tre år ved den kommersielle kringkastaren Sociedade Independente de Comunicação (SIC) der ho leia dei to fyrste sesongane av Ídolos (den portugisiske versjonen av Idol) og Globos de Ouro i 2004 (den portugisiske versjonen av Golden Globe).[6]
I mai 2018 var Alberto programleiar for Eurovision Song Contest 2018 saman med Catarina Furtado, Daniela Ruah og Filomena Cautela.[7]