Taking Tiger Mountain (By Strategy) Studioalbum av Eno | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | november 1974[1] | |
Innspelt | september 1974 i Island Studios i London | |
Sjanger | Kunstrock, glamrock | |
Lengd | 48:14 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Brian Eno | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Eno-kronologi | ||
Here Come the Warm Jets (1974) |
Taking Tiger Mountain (By Strategy) | Another Green World (1975)
|
Taking Tiger Mountain (By Strategy) er det andre soloalbumet til Brian Eno. Det var produsert av Eno og kom opphavleg ut på Island Records i november 1974.[1] I motsetnad til det førre albumet, Here Come the Warm Jets, nytta Eno eit band med fem medlemmar og færre gjestemusikarar. I same periode produserte Eno albumet til Robert Calvert, Lucky Leif and the Longships.[3] Dei flest musikarane på Taking Tiger Mountain var òg involvert i dette prosjektet[4] Gitarist og medlåtskrivar Phil Manzanera, som hadde spelt med Eno i Roxy Music, medverka òg på albumet. For å hjelpe til med produksjonen av albumet utvikla Eno og Peter Schmidt instruksjonskort kalla Oblique Strategies for å hjelpe den kreative prosessen på albumet.
Albumet nådde ikkje salslistene, men fekk mykje omtale i rockepressa.[5][6]
Albumet var produsert av ei rekkje postkort av ein kinesisk revolusjonsopera kalla Taking Tiger Mountain by Strategy.[7]
For å hjelpe seg under innspelinga av albumet, utvikla Eno og venen Peter Schmidt ei rekkje instruksjonskort, Oblique Strategies.[7] Han let korta diktere den neste handlinga under innspelinga.[7] Eno og Schmidt utvida etter kvart korta til over 100 forskjellige «dilemma», som vart nytta på nesten alle hans framtidige innspelingar og produksjonar.[7]
Kjernegruppa av musikarane på albumet bestod av Manzanera frå Roxy Music, Brian Turrington og Freddie Smith frå The Winkies, og tidlegare Soft Machine-vokalist Robert Wyatt.[8] Fleire gjestemusikarar spelte på fleire av songane. Av desse finn ein Andy Mackay frå Roxy Music, og Portsmouth Sinfonia, eit orkester der Eno ein gong hadde spelt klarinett.[9] Filosofien til orkesteret var at alle kunne vere med så lenge personen ikkje hadde erfaring med instrumentet personen spelte i orkesteret.[9] Trommeslagar Phil Collins gjesta òg på albumet, etter at Eno hadde hjelpt til med produksjonen av Genesis-albumet The Lamb Lies Down on Broadway.[10]
Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet og det nådde ikkje lista i verken Storbritannia eller USA.[11][12] Som det førre albumet til Eno, Here Come the Warm Jets, fekk det generelt god kritikk.[5] I 1975 vart Taking Tiger Mountain (By Strategy) stemnd fram som eit av dei beste albuma i 1974 i Village Voice sin Pazz & Jop-undersøking.[13]
Alle spor skrivne av Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnde
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Burning Airlines Give You So Much More» | 3:18 |
2. | «Back in Judy's Jungle» | 5:16 |
3. | «The Fat Lady of Limbourg» | 5:03 |
4. | «Mother Whale Eyeless» | 5:45 |
5. | «The Great Pretender» | 5:11 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Third Uncle» (Eno, arr. Brian Turrington) | 4:48 |
2. | «Put a Straw Under Baby» | 3:25 |
3. | «The True Wheel» (Eno, Phil Manzanera) | 5:11 |
4. | «China My China» | 4:44 |
5. | «Taking Tiger Mountain» | 5:32 |