Tears Getting Sober

«Tears Getting Sober»
Song av Victoria
Land Bulgaria
Språk Engelsk
Utgjeve 7. mars 2020
Sjanger Draumepop
Lengd 03:02
Selskap Symphonix
Låtskrivar(ar) Viktorija Georgieva, Borislav Milanov, Lukas Oscar, Cornelia Wiebols

«Tears Getting Sober» (norsk 'tårer vert edru') er ein song frå 2020 med den bulgarske songaren og låtskrivaren Victoria. Songen vart sloppen 7. mars 2020 og skulle ha representert Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

«Tears Getting Sober» er skriven av artisten Victoria saman med Borislav Milanov, Lukas Oscar og Cornelia Wiebols frå låtskrivarselskapet Symphonix International.[2]

Songaren sjølv seier at låten er svært personleg for ho, og at songen handlar om korleis ein kan koma seg gjennom problema sine og deretter gå vidare.[2] Den anerkjende låtskrivaren Boris Milanov deltok òg i arbeidet med songen, og seier psykiske problem har vore ein stor inspirasjon til songen. Under låtskrivarsamlingane fekk to unge personar sterke panikkanfall og måtte på sjukehus. «Til slutt viste det seg at bodskapen til songen måtte handla om dagens generasjon og deira utfordringar med psykiske vanskar», sa Milanov i eit intervju, og la til: «Men bodskapen er at det framleis er håp, og at din einaste veg ut er å kjempa og å trassa frykta din. Det er betre å ha eit arr enn å ha eit evig-ope sår».[2]

Tittelen på låten vart offentleggjord 4. mars 2020, og songen vart utgjeven tre dagar etter. Songen og videoen vart fyrst vist på den bulgarske TV-kanalen BNT 1 klokka 9 om morgonen 7. mars, og vart sloppen på YouTube ein halv time etter.[2]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

«Tears Getting Sober» skulle ha vore det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, etter at Victoria vart internt vald av Bulgarias nasjonale televisjon (BNT) til å representere landet i tevlinga.

I januar 2020 vart Bulgaria trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 14. mai.[3] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[4] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Bulgaria's Victoria teases her Eurovision 2020 song "Tears Getting Sober"» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  3. «Second Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  4. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.