Terra Securities | |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 979561296 | ||
Bransje | Finansielle tenester | ||
Skipa | 11. desember 1997 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Adm.dir. | Svein Erik Nordang | ||
Nettstad | https://terra.as (engelsk) |
Terra Securities ASA var eit norsk meklarhus som dreiv med aksjehandel og aksjeanalyse i tillegg til valuta-, finans- og obligasjonsmekling, sokalla corporate finance og andre investeringsobjekt gjennom 78 lokale sparebankar som var medlemer av Terra-Gruppen. I 2006 hadde meklarhuset ein marknadslut på 1,92 % på Oslo Børs, og var med det rangert som nummer 21 av 49 meklarhus. Meklarhuset var i fleire år på topp i Dagens Næringsliv si spalte for aksjeanbefalinger, sist i 2006. Mottoet til Terra Securities var «finanshuset for folk flest».[1]
Dei 78 sparebankene som eig Terra-Gruppen, eigde gjennom Terra Markets 66,73 % av selskapet Terra Securities. Resten var eigd av fire toppleiarar, mellom anna konsernsjef Ola Sundt Ravnestad i Terra-Gruppen og administrerande direktør i Terra Markets Odd Arne Pedersen.
I november 2007 kom den såkalla Terra-skandalen for dagen. Det viste seg at selskapet hadde fått mellom anna dei fire kraftkommunane Rana, Hemnes, Hattfjelldal og Narvik i Nordland til å investere 451 millionar kroner i kompliserte fondsprodukt med høg risiko igjennom Citibank i USA Då finanskrisa i USA utvikla seg utover hausten fekk kommunane krav om å betale inn garantibeløp av di den opphavlege investeringa hadde falle, ned til under 55 prosent av innskotsverdien.
Den 28. november 2007 vart det gjeve eit førehandsvarsel ifrå Kredittilsynet om at selskapet ville miste sine konsesjonar grunna skandalen. Derfor varsla Terra-Gruppen eit ønske om å be om oppbdd i meklarhuset.[2] Bjørn Skogstad Aamo, direktør i Kredittilsynet, forklarte at dette skjedde som ein reaksjon på fleire grove brot på krav om rett og god informasjon.[3] Same dagen trekte Ola Sundt Ravnestad seg frå stillinga som konsernsjef i Terra og styreformann i Terra Securities, i eit forsøk på å avhjelpe situasjonen. Han fekk med seg ei avtalt etterlønn på 5,5 millionar kroner over 18 månadar.[4][5]
Byfogd Lars Borge-Andersen i Oslo avsa på ettermiddagen 28. november ei kjenning om at Terra Securities skulle handsamast som konkursbo. Under konkursopninga var Terra Securities representert ved advokat Morten Kinander ifrå advokatfirmaet Wiersholm, Mellbye & Bech. Firmaet opplyste om selskapet Securities sine aktiva, på 219 millionar kroner og samla gjeld på 601 millionar kroner. Advokat Jon Erling Skjørshammer vart oppnemnt som bustyrar og første skiftesamling vart halden 20. desember. All verksemd vart innstilt og alle tilsette mista arbeidet.[6]