The Serpent Is Rising Studioalbum av Styx | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1973 | |
Innspelt | 1973 | |
Studio | Paragon Recording Studios i Chicago; St. James Cathedral i Chicago | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:07 | |
Selskap | Wooden Nickel | |
Produsent | Styx, Barry Mraz | |
Styx-kronologi | ||
---|---|---|
Styx II (1973) |
The Serpent Is Rising | Man of Miracles (1974)
|
Singlar frå The Serpent Is Rising | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Serpent Is Rising er det tredje studioalbumet til det amerikanske bandet Styx, gjeve ut i oktober 1973, berre tre månader etter det førre albumet deira, Styx II i juli 1973.
Albumet kom ut på ny i 1980 med nytt plateomslag og ein ny tittel, Serpent.[3]
Albumet nådde 192. plassen på Billboard 200 i USa, den nest lågaste plasseringa deira, og har fram til 2007 selt færre enn 100 000 eksemplar verda over.[4]
The Serpent Is Rising er skildra som eit vagt konseptalbum med fleire seksuelle antydingar. Den barokk-prog-aktige «The Grove of Eglantine» (skriven av DeYoung) handla om vaginaen til ei kvinne. Songen har noko cembalo og trekkspel, for å gje han ein britisk eller europeisk stil.
Den progaktige tittelsporet var skriven av John Curulewski. Musikalsk har han ein smak av King Crimson, særskild debutalbumet deira.
«Krakatoa» av Curulewski vart kalla opp etter vulkanutbrotet med same namn i 1883 og består av skrikande ord. Han sluttar med ein glissando som var henta frå ein Beaver and Krause-song kalla «Spaced» frå 1970, som dei vart kreditert for på albumet. Songen vart seinare nytta i eit lydklipp for THX kalla Deep Note.[5]
Den akustiske og bluesaktige songen «As Bad as This» av Curulewski har eit løynd spor kalla «Plexiglas Toilet», som var ein komisk calypso om ein gut som sit på eit toalett av plexiglas og har problem. Sporet består berre av Curulewski og Panozzo-brørne. Songen vart spelt på radioshowet til Dr. Demento og «Weird Al» Yankovic skal visstnok elske songen.[6]
Albumet inneheld òg rockesongar av James Young, «Witch Wolf» og «Young Man», den livlige «Winner Take All» (skriven av DeYoung og sungen av Young) og boogie-woogie-songen «22 Years» (skriven av Curulewski, men sungen som ein duett av DeYoung og Young). I avslutninga for denne songen spelar produsenten og sjefen i Wooden Nickel Records, Bill Traut saksofon.
Progrocksongen «Jonas Psalter» var skriven av DeYoung og sungen av Young. Teksten omhandlar sjørøvarar. Musikalsk har han element av progstilen til Yes og det vert nytta Moog Synthesizer.
Albumet avsluttar med Handel sin Hallelujah der alle bandmedlemmane syng og DeYoung spelar på kyrkjeorgelet i domkyrkja i Chicago.
Styx rekna The Serpent Is Rising som den verste innspelinga deira. Dennis DeYoung har sagt at det var «ei av dei verste innspelingane og produksjonane i musikkhistoria.»[7][8]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Witch Wolf» | James Young, Ray Brandle | Young | 3:57 |
2. | «The Grove of Eglantine» | Dennis DeYoung | DeYoung | 5:00 |
3. | «Young Man» | J. Young, Richard Young | Young | 4:45 |
4. | «As Bad as This»
| John Curulewski | Curulewski | 6:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Winner Take All» | DeYoung, Charles Lofrano | Young | 3:10 |
2. | «22 Years» | Curulewski | DeYoung, Young | 3:39 |
3. | «Jonas Psalter» | DeYoung | Young | 4:41 |
4. | «The Serpent Is Rising» | Curulewski, Lofrano | Curulewski | 4:55 |
5. | «Krakatoa» | Curulewski, Paul Beaver, Bernard L. Krause | Curulewski | 1:36 |
6. | «Hallelujah Chorus» (frå George Friderich Händel sin Messias) | Handel | DeYoung, Young, Curulewski, C. Panozzo, J. Panozzo | 2:14 |
Album - Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1974 | Pop Albums | 192 |