This Flight Tonight av Joni Mitchell frå albumet Blue | ||
Utgjeve | Juni 1971 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 2:50 | |
Selskap | Reprise | |
Låtskrivar(ar) | Joni Mitchell | |
---|---|---|
Produsent | Joni Mitchell |
«This Flight Tonight» er ein song av Joni Mitchell frå albumet Blue i 1971. Det skotske hardrockbandet Nazareth gav ut songen på singel i 1973 og fekk ein hit.
Joni Mitchell skreiv og gav ut songen i 1971 på albumet sitt Blue. Songen fortel om at Mitchell angrar på at ho drog frå kjærasten sin på eit fly og ynskjer å kome attende. Songen kom òg ut som B-sida til singelen hennar «Carey».[1]
This Flight Tonight Singel av Nazareth frå albumet Loud 'n' Proud | ||
B-side |
Called Her Name | |
---|---|---|
Utgjeve | Oktober 1973 | |
Sjanger | Hardrock[2] | |
Selskap | Mooncrest | |
Låtskrivar(ar) | Joni Mitchell | |
Produsent | Roger Glover | |
Nazareth-kronologi | ||
«Broken Down Angel» (1973) |
This Flight Tonight | «Love Hurts» (1974)
|
Det skotske hardrockbandet Nazareth omarbeidde songen i 1973 og gjorde han meir mektig. Songen vart ein hit i Canada og Tyskland (der han gjekk til topps) og i Storbritannia.[3][4] Innspelinga vart produsert av Roger Glover.[5] Singelen nådde 11. plassen på den britiske singellista i november 1973. Bandet spelte inn songen på ny i 1991 for albumet No Jive.
Nancy Wilson sa at gitarriffet på Nazareth-versjonen av «This Flight Tonight» inspirerte til riffet på Heart-songen «Barracuda».[6]
Listes (1973–1974) | Plassering |
---|---|
Austrian Top 40 | 2 |
Canadian RPM Top Singles | 27 |
Den tyske singellista | 1 |
Den sveitsiske singellista | 5 |
U.K. Singles Chart | 11 |
Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Austrian Top 40 | 4 |
Den tyske Media Control-lista | 11 |
UK Singles Chart | 98 |