Toivo Hyytiäinen | |
Toivo Hyytiäinen og Per-Arne Berglund i 1951 | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 12. november 1925 Saarijärvi |
Død |
21. oktober 1978 (52 år) |
Yrke | spydkastar, friidrettsutøvar |
Toivo Hyytiäinen på Commons |
Toivo Armas Hyytiäinen (12. november 1925–21. oktober 1978) var ein finsk spydkastar. Han vart europameister i spydkast i 1950, og fekk bronsemedaljen i same øvinga under 1952-olympiaden på finsk heimebane i Helsingfors. Han var både fødd og døydde i Saarijärvi.
Hyytiäinen slo gjennom internasjonalt med EM-gull i 1950 i Brussel. To år etter fekk han olympisk bronse under OL 1952 i Helsingfors med eit kast på 71,89. Denne medaljen vart den einaste friidrettsmedaljen til Finland. Cy Young frå USA vart olympisk meister med eit bestekast på 73,78 m.
Hyytiäinens personlege rekord var på 78,98 m og vart oppnådd våren 1954 i Helsingfors.