Torbjørn Færøvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. juni 1948 (76 år) Leka kommune |
Yrke | journalist, historikar, skribent, biograf |
Prisar | Cappelenprisen, Brageprisen i faglitteratur/sakprosa, Brageprisen i faglitteratur/sakprosa, Brageprisen i åpen klasse |
Torbjørn Færøvik på Commons |
Torbjørn Færøvik (fødd 8. juni 1948 i Leka) er ein norsk forfattar og historikar.
Færøvik er utdanna cand. philol. med hovudfag i historie med ei avhandling om norsk misjon i Kina.[1]
Han har arbeidd som utanriksmedarbeidar i NTB (1977-79), Arbeiderbladet (1979–91) og NRK (1991–99). Han var NRK sin verdsreportar i 1996-97.[2]
Færøvik har skrive fleire bøker om og frå Asia, som Drømmen om Asia (1997), Veien til Xanadu. En reise i Marco Polos fotspor (2001), Marco Polo. Reisen til verdens ende (ungdomsbiografi 2002), Kina - En reise på Livets elv (2003) og Buddhas barn - En reise blant mennesker (2006).
For bøkene sine om India og Kina vart han tildelt Brageprisen (i 1999, 2003 og 2012[3]). I 2006 fekk han Cappelenprisen for sitt samla forfattarskap.[4]