Torbjørn Ruste | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. desember 1929 |
Død | |
Yrke | fotballspelar, skihoppar |
Torbjørn Ruste (9. desember 1929–31. juli 2003) var ein norsk skihoppar frå Oslo, og som representerte Nydalens Skiklub i Oslo.
Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1954/55, der han vann renna i Innsbruck og Bischofshofen og vart nummer 4 i Oberstdorf. Både i Innsbruck og i Bischofshofen måtte vinnaren av hoppveka, finske Hemmo Silvennoinen, nøye seg med andreplassen. I Garmisch-Partenkirchen fall Ruste, og han kom difor langt ned på samanlagtlista. Han deltok også i den sveitsiske hoppveka i 1959.
Ivar Ruste var bror hans.