Torborg Nedreaas | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. november 1906 Bergen |
Død | |
Yrke | forfattar, manusforfattar |
Språk | norsk |
Torborg Nedreaas (13. november 1906–30. juni 1987) var ein norsk forfattar frå Bergen.
Ho debuterte 39 år gammal med novellesamlinga Før det ringer tredje gang i 1945. Boka inneheld eit utval av noveller som tidlegare var publiserte i ulike vekeblad. Same år kom også den eigentlege debuten hennar, Bak skapet står øksen.
Ho voks opp i Bergen og ho budde også ei tid på Stord. Siste halvdelen av livet budde ho på Nesodden i Akershus.
Nedreaas var radikal, men ein finn sjeldan ein open politisk agitasjon i bøkene hennar, med unntak av i De varme hendene som inneheld hard kritikk av det norske medlemskapen i NATO. Ho skildra ofte med stor dugleik unge jenter og kvinner sitt sjeleliv, til dømes i Av måneskinn gror det ingenting og Musikk fra en blå brønn.
I 1965 sende NRK Fjernsynsteatret Stoppested med manus skrive av Tore Breda Thoresen fritt etter novella med same namn av Nedreaas. I 1975 laga Vibeke Løkkeberg kortfilmen Regn bygd på noveller av Torborg Nedreaas.
Bøkene hennar har vorte omsette til mellom anna svensk, dansk, engelsk, tysk, fransk, polsk og russisk.