Torgeir Anderssen-Rysst | |||
Fødd | 9. august 1888 Ålesund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 8. september 1958 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, jurist, redaktør | ||
Ektefelle | Ruth Eugenie Rysst | ||
Alle verv |
|
Torgeir Anderssen-Rysst (9. august 1888–1958) var ein norsk embetsmann og politikar frå Ålesund. Han var stortingsreprsentant for Venstre i 20 år, og Noregs forsvarsminister i Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering 1928–31.
Torgeir Anderssen, som han opphavleg heitte, var son til ein bakarmeister i Ålesund. Sjølv tok han offisersutdanning, steig til premierløytnant frå 1915. Han vart i 1913 uteksaminert cand.jur. frå universitetet i hovudstaden, og arbeidde ei tid hos byfogden i heimbyen Ålesund. 1918-28 var Anderssen-Rysst redaktør i Sunnmørsposten, og på ny 1931–34. Sidan var han skattefut og skifte- og auksjonsforvaltar i Ålesund frå 1934, og deretter generalkrigskommissær i Ålesund 1939–40. Etter 2. verdskrigen var han Noregs sendemann til Island frå hausten 1945 til han døydde i 1958.
Anderssen-Rysst reprsenterte dei tre byane i Møre og Romsdal på Stortinget frå 1925 til 1945, heile tida som medlem av Venstre. Då Johan Ludwig Mowinckel danna ny regjering i februar 1928, vart han utnemnd til statsråd og leiar av Forsvarsdepartementet. Han leia dette departementet til regjeringa gjekk av i mai 1931. I alle sine år på Stortinget var han medlem av utanriks- og konstitusjonskomiteen. Anderssen-Rysst var medlem av sentralstyret i Venstre frå 1933 til –36, samt medlem av Ålesund bystyre i mangfaldige år.