Tron Øgrim | |
![]() | |
Fødenamn | Trond Øgrim |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. juni 1947 Oslo |
Død |
23. mai 2007 (59 år) |
Yrke | journalist, skribent, politikar, esperantist, vitenskapsdiktningsforfatter |
Politisk parti | Raud Valallianse |
Medlem av | Norvega Esperantista Ligo |
Far | Otto Øgrim |
Ektefelle | Jorun Gulbrandsen |
Born | Liv Gulbrandsen |
Tron Øgrim på Commons |
Tron Øgrim (27. juni 1947–23. mai 2007) var ein norsk journalist, forfattar og politikar (AKP, RV). Han var med og skipa Sosialistisk ungdomsforbund (SUF, seinare SUF(m-l) og Raud Ungdom), og Arbeidernes Kommunistparti (AKP). Øgrim melde seg ut av AKP på 90-talet, men var framleis med i Raud Valallianse, og han var med i partiet Raudt då det vart danna våren 2007.
Tron Øgrim vart sett på som den fremste ideologiske leiarfiguren i m-l–rørsla på 70-talet og har dessutan gjennom ei årrekkje vore ein aktiv samfunnsdebattant og har engasjert seg i kultur-, teknologi- og språkspørsmål. Han har mellom anna vore radiokåsør, føredragshaldar og forfattar.
Øgrim døydde brått og uventa i mai 2007[1].
Tron Øgrim voks opp i ein radikal akademikarheim i eit villaområde på Hellerud på Oslos austkant. Båe foreldra var akademikarar med røynsle frå motstandsrørsla under andre verdskrigen, faren fysikaren og den tidlege norske TV-kjendisen Otto Øgrim hadde òg vore med i Mot Dag, mora var ernæringsfysiologen Marit Odlaug Eggen.
Oldefaren Johan Ögrim kom frå Sverige og var den første norske Øgrim. Han var med og bygde opp Frelsesarmeen i Noreg, og både han og sonen hans, Tron sin farfar, kommandør T. I. Øgrim, var høgste leiarar for organisasjonen i Noreg. Tron Øgrim var gift med Jorun Gulbrandsen frå 1969 til 1998, og dei har saman tre døtrer, ei av dei er Liv Gulbrandsen. Han var òg onkel til rapparane Elling og Aslak Borgersrud.
I ung alder oppgav han støtta til Norges kommunistiske parti av di han meinte partiet synte ei underdanig haldning til Sovjetunionen. I staden melde han seg inn i Sosialistisk Folkeparti i 1961, 14 år gammal. Allereie tidleg i tenåra begynte Tron Øgrim å planleggje eit kommunistisk parti etter maoistisk føredøme i Noreg, og frå 1965 kalla han seg sjølv maoist. Han tok initiativet til Bryn Hellerud lokallag av Sosialistisk ungdomsforbund og til SUF(m-l). Tron Øgrim sin fløy i SUF fekk i 1967 kontroll med sentralstyret i SUF og med bladet Ungsosialisten, og gjennom studiesirklar og sommarleirar vart det etter kvart semje kring Øgrim sin definisjon av «marxismen-leninismen Mao Tse-tungs tenkning» som «vitenskapen om åssen man driver klassekamp» og «åssen man gjør revolusjon», og SUF vedtok etterkvart at dei skulle vere ein revolusjonær skipnad. I 1969 førte eit vedtak på SF sitt landsmøte om å skipe konkurrerande ungdomsgrupper med SF-profil til at SUF braut med partiet og byrja arbeidet med å danne eit maoistisk parti, som vart AKP(m-l). Tron Øgrim sat frå starten i 1973 og fram til 1984 i sentralkomitéen til AKP(m-l).
I 1975 skreiv Øgrim eit internt partidokument som het «Teser om høyreavviket», eit omfattande oppgjer med det meste AKP(m-l) hadde gjort til då. Dokumentet førte til ein kraftig radikalisering av partiet. Tesene var eit oppgjer med den politikken som var blitt ført under Sigurd Allern si leiing. Men da Allern trekte seg, var det Pål Steigan og ikkje Øgrim som overtok toppvervet.[2] Etter denne utreinskinga av «høgrekreftene» innan partiet fekk det frå 1975 av ytterlegare styrkt si radikale line med skarp brodd mot SV sin «revisjonisme» og Sovjet sin «sosialimperialisme». I den påfølgjande «sjølvproletariserings»-kampanjen vart Tron Øgrim bryggeriarbeidar, ein jobb han hadde i mange år. Han hadde òg tillitsverv i fagforeninga og sat ein periode som dei tilsettes representant i styret i Ringnes.[3]
Tron Øgrim gjekk ut av AKP i 1990-åra, men fortsette som medlem i Raud Valallianse, seinare Raudt[4]. Der hadde han ingen formelle posisjonar men var ein ihuga deltakar i interne debattar. Då RV, som første parti, formulerte eit eige Internett-program, var det Tron Øgrim som var initiativtakar.
Av fleire vert Øgrim sin stil og sitt verke oppfatta som ei viktig årsak til at ml-rørsla fekk så stor påverknad på det norske kulturlivet i 70-åra:
Det var òg Øgrim som kom på ideen å lage ei månadsavis med namnet Klassekampen. Første utgåve kom i februar 1969. Seinare var han viktig i arbeidet med utviding til veke- og dagsavis. I periodar skreiv han mykje i Klassekampen, både som politisk skribent og som teatermeldar.
Han spela ei sentral rolle i ml-rørsla si satsing på kultur. Han var med på å inspirere eller starte forlaget Oktober (1970), plateselskapet MAI (1973) og Tronsmo bokhandel (1973).
Som organisasjonsmenneske var ikkje Øgrim blant dei mest disiplinerte, noko han sjølv innsåg. At han mangla litt på det organisatoriske, vert sagt å vere grunnen til at han ikkje ville ta på seg toppvervet i ml-rørsla.[6] Likevel var Øgrim i lang tid internasjonal sekretær i AKP(m-l). Han hadde gjennom dette kontakt med radikale organisasjonar over heile verda.
I boka Marxismen – vitenskap eller åpenbaringsreligion? frå 1979, kritiserer Øgrim ein del av dei strategiske og politiske vala partiet tok på 70-talet.
Det siste året han levde engasjerte han seg òg i maoistane sin revolusjon i Nepal, noko han mellom anna har skrive mange artiklar om på Wikipedia på bokmål.
Liksom ei rekkje andre sentrale personar fra ml-rørslas blomstringstid vart Tron Øgrim sitt engasjement og haldningar utsett for stendig kritikk og usemje. Arbeidet til Øgrim og dei andre ml-arane, så vel som metodar og påverknad, er karakterisert til dels svært kritisk i bøker som til døme Finn Gustavsens Kortene på bordet (1979) og Hans Petter Sjølis Mao min Mao: Historien om AKPs vekst og fall (2005), og i andre fora, mellom anna av Gerhard Helskog i TV 2-programmet Rikets Tilstand i 2000[7]. TV-programmet sette i gang ein stor debatt[8]. Bernt Hagtvet tok opp tråden att i Dagbladet fram mot kommunevalet i 2003.
Eit hovudankepunkt er at folka i AKP-miljøet var begeistra for figurar som Enver Hoxha, Stalin, Mao og Pol Pot (for sistnemnde òg ei tid etter at folk flest hadde vorte overtydd om at han stod bak folkemord i landet sitt) og ønskte ein revolusjon i Noreg og innføring av proletariatets diktatur. Øgrim hadde agitert sterkt for proletariatets diktatur. I ein tale i 1970 hadde han mellom anna sagt:
Andre klaga òg over det klimaet som oppstod på studiestader og ein del arbeidsplasser i samband med AKP-aktivismen.
Trond Øgrim tok til motmæle mot ein del av kritikken mellom anna i eit innlegg i Dagbladet i 2000: «Men unnskyldningen min får de ikke».[4] Nokre utdrag:
Tron Øgrim har etter at han trekte seg attende som frontfigur i politikken arbeidd som kulturkritisk journalist med datateknologi og særleg Internett som spesialområde. Ein av Øgrim sine hjartesaker var å få pc-teknologien tilgjengeleg for alle mellom anna med parolar som «e-post–adresser til arbeiderklassen!», og han meina at alle skuleelevar måtte få kvar si maskin. Øgrim var ein tidleg forkjempar for auka offentleg innsats på Internett der han reiste kring i Noreg og heldt føredrag. Han freista i 1995 å få Stortinget inn på Internett med argumentet: «uten politikere på nettet finnes det ikke noe slik som en demokratisk it-politikk» [treng kjelde]. Han syna klårt at dette engasjementet berre var ei forlenging av det han hadde innan politikken: han meinte at Internett og mobiltelefon skulle verte vegen ut av elendet for folk i den fattige delen av verda. Under ei reise i Andesfjella ringde han til redaktøren for PC World Norge, der han hadde ei populær kommentarspalte frå 1990 til 2001, og gav følgjande entusiastiske varsel om framtida: «Nærder i alle land: Vi vinner! Det vi står for når'e gjelder Teknologi For Alle, vil Vinne. Vår drøm i dag, virkelighet imårrå!»[10]
Han var ein tilhengjar av open kjeldekode-rørsla, og i den eine av Kvikksølv-bøkene omtala han Linux som «anvendt kommunisme». I samband med fremvoksteren av prosjekt som Wikipedia, Linux med fleire, introduserte Øgrim omgrepet «sammenismen». Med dette ønskte han å sette fokuset på at slike samarbeidsformer tok karakter av tidlegare kommunisme og sosialisme. Dette omgrepet har ein viss slektskap med det engelske crowdsourcing, men har meir politisk karakter enn ein rein forretningsmodell.
Øgrim skreiv i ei årrekkje «Under steinen» / «Steinen» / «Under en stein i skogen», ein blogg der han kommenterte ulike tema, men gjerne spesielt vinkla mot teknologi. Denne spalta fanst òg i NRK-programmet Spider, der Erik Meyn var programleiar. I elleve år var han fast spaltist i PC World Norge.
Frå desember 2005 og fram til han døydde var Tron Øgrim òg ein aktiv bidragsytar på Wikipedia på bok- og riksmål[11]. Øgrim sitt første engasjement på Wikipedia var i tilknyting til det han meinte var slarven omtale av journalistkollega Tor Bach (redaktør for Magasinet Monitor)[12]. Etter at usemja var løyst fortsette han å arbeide på artiklar om kunstige språk gjennom mesteparten av 2006. Hausten 2006 endra han sitt fokus til Nepal generelt og især historia til kommunistane i landet[13]. Øgrim hadde ry på seg innan Wikipedia-samfunnet for å skrive svært lange artiklar om temmeleg smale tema. Han syna dessutan ei særskild omsut for dei mindre wikiane og deira utvikling, og det var vanleg at han posta innlegg på «Tinget»[14] (tilsvarar «Samfunnshuset»[15] på Nynorsk Wikipedia) og på nyhendesida [16] for å markere milepålane deira.
Han vart ein av prosjektets mest framståande talspersonar i Noreg og arbeidde med stor glød for å gjere leksikonprosjektet kjent og akseptert. «Jeg reiser rundt i hele Norge for å fortelle skolestyrere at elevene burde oppfordres til å bruke Wikipedia», sa han under eit intervju da han og andre norske «wikipedantar» i mai 2006 møtte prosjektet sin amerikanske skipar Jimmy Wales i Bergen. Då han fekk spørsmålet om dei feila som somme tider finst i oppslagsverket, sa han at det i seg sjølv ikkje var noko problem; det kunne beint fram utgjere ein føremon: «Wikipedia ber alle om å ettersjekke sine egne opplysninger og ikke ta noe for god fisk. Spør du meg, så er det et demokratisk problem at man i dag er så lite bevisst på kildekritikk i den norske skolen».[17] Øgrim snakka òg om Wikipedia i eit radiointervju i Sånn er livet på NRK i mai i 2007.
Øgrim sin analyse av og visjonar for dei norske wikipediaprosjekta kjem òg fram av introduksjonen hans for wikipedantar og interesserte i Realfagsbygget på Universitetet i Bergen 29. mai 2006, som òg ligg på YouTube.[18]
Då nyhendet om at Tron Øgrim var død vart kjend på Wikipedia på bokmål og riksmål vart det bestemd å heidre innsatsen hans med å vise Wikipedia-logoen med eit flagg på halv stong framføre[19] i ein dag, ei markering som vart kommentert i fleire aviser.[20]
Tron Øgrim var gjennom ei årrekkje ein aktiv samfunnsdebattant og han engasjerte seg òg i kultur-, teknologi- og språkspørsmål. Han har mellom anna vore radiokåsør, føredragshaldar, politisk forfattar og sciencefiction-forfattar under psevdonymet Eirik Austey.
Tron Øgrim var språkinteressert og lærde seg ei rad språk, blant desse kunstspråka esperanto og volapük. Dialekten hans, ofte omtala som «øgrimsk», var ein personleg variant av østkantdialekt frå Oslo som han òg nytta som skriftspråk, også i sammanhengar der det var vanleg å rette seg etter standardisert bokmål.[21] I 2005 vart han intervjua i TV-programmet Typisk norsk om «arbeidarsosiolekter» og politisk sjargong.
Han fekk Landslaget for språklig samling sin litteraturpris i 1996.
Tron Øgrim var i mange år teatermeldar og hadde særleg interesse for Ibsen. I 2001 redigerte Øgrim filmen «De vil ta jentene våre!», eit utval av norske valfilmar frå perioden 1928–1936. Han var òg fast gjest på Cinemateket i Oslo.
(*) Eirik Austey er eit pseudonym for Tron Øgrim, hovudsakleg for sciencefictionlitteratur.