Trouble Song av Elvis Presley frå albumet King Creole | ||
Utgjeve | 29. juli 1958 | |
Innspelt | 15. januar 1958 | |
Sjanger | Rock and roll, blues | |
Lengd | 2:16 | |
Selskap | RCA Victor | |
Låtskrivar(ar) | Jerry Leiber og Mike Stoller |
---|
«Trouble» er ein bluessong skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, opphavleg framført av Elvis Presley i 1958 og spelt av fleire andre artistar seinare, mellom andre Amanda Lear.
Elvis Presley framførte songen i 1958 i filmen King Creole, og gav ut songen på albumet med same namn. «Trouble», med Scotty Moore på gitar, var ein av berre tre songar i filmen som var skriven av Leiber og Stoller. Framsyninga til Presley i filmen etterliknar Muddy Waters og Bo Diddley. Musikkritikaren Maury Dean føreslo at «Trouble», med Presley sin «snerrande vokal», er ein av dei første proto-punk-songane.[1]
Ti år seinare opna Presley comeback-fjernsynsprogrammet i 1968 med denne songen. Med ei mørkt, stemningsskapande lyssetjing, synte sekvensen til den varierte fortida til Presley og det «farglege» imaget der songaren vart framstilt som «sexy, mutt og pirrande».[2][3] Songen glei så over i «Guitar Man». Presley framførte songen fleire gonger på turneane sine tidleg i 1970-åra. I 1975 spelte Presley inn «T-R-O-U-B-L-E» og gav han ut på singel, men dette er ein heilt annan song.
Songen vart nytta i musikalen Smokey Joe's Cafe.
La Bagarre Singel av Amanda Lear frå albumet I Am a Photograph | ||
B-side |
«Lethal Leading Lady» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1975 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 3:40 | |
Selskap | Polydor, Creole, Ariola | |
Låtskrivar(ar) | Jerry Leiber og Mike Stoller, Vline Buggy | |
Amanda Lear-kronologi | ||
La Bagarre | «Blood and Honey» (1976)
|
Songaren og modellen Amanda Lear spelte inn ein franskspråkleg versjon av «Trouble», kalla «La Bagarre», med ny tekst skriven av Vline Buggy. Denne versjonen vart gjeven ut som debutsingelen hennar i Frankrike og Belgia i 1975 av Polydor Records, med «Lethal Leading Lady» på B-sida, ein song som Lear var med å skrive. Singelen selde dårleg og i 1976 vart det gjeve ut ein engelskspråkleg versjon i Europa på Creole Records, men igjen selde han dårleg.
Lear framførte songen på Musikladen i 1976 i Vest-Tyskland, kledd i svart lêr i same stil som Elvis i 1950-åra.[4] Framføringa fekk Ariola Records til å gje ut «La Bagarre» på ny og signerte ho for ein platekontrakt på seks plater. Singelen vart òg marknadsført på det tyske TV-showet 3 nach 9, der Lear måtte motbevise at ho var transseksuell.[5]
«La Bagarre» om ut på debutalbumet til Lear i 1977, I Am a Photograph. Songen vart sidan fjerna på seinare utgåver til fordel for «Queen of Chinatown».
Lear spelte den engelskspråklege versjonen av songen i 2014 for albumet sitt med Elvis Presley-ongar, My Happiness.