True Love Travels on a Gravel Road Song av Duane Dee | ||
Utgjeve | 1968 | |
Låtskrivar(ar) | Frazier-Owens |
---|
True Love Travels on a Gravel Road er ein song skriven av Frazier-Owens og gjort populær av Elvis Presley. Han vart først spelt inn av Duane Dee i 1968, og vart ein liten hit for han med ein 58. plass på countrylista i USA. Presley spelte inn songen 17. februar 1969 i American Sound Studios i Memphis.[1] Han framførte òg songen på International Hotel i Las Vegas den 26. januar 1970.[2] Songen finst på From Elvis in Memphis, i tillegg til fleire samlealbum som The Memphis Record, The Memphis 1969 Anthology: Suspicious Minds og From Nashville to Memphis: The Essential '60s Masters.
Ei innspeling frå 1969 av Percy Sledge vart òg ein suksess.
I 1995 vart songen gjeven ut på singel av Nick Lowe for Unichappell Music/Acuff Rose Music (BMI).
The Highwaymen spelte inn songen og The Afghan Whigs gav ut sin versjon på EP-en Uptown Avondale. Det australske blues- og rootsbandet The Revelators spelte inn songen i 2000 på albumet The Adventures of The Amazing Revelators.