Undercover of the Night Singel av The Rolling Stones frå albumet Undercover | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. november 1983 | |
Innspelt | Januar til mars, mai til august 1982 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:32 | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Komponist | Keith Richards, Mick Jagger | |
Tekstforfattar | Keith Richards, Mick Jagger | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | The Glimmer Twins/Chris Kimsey | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Time is on My Side» (1982) |
Undercover of the Night | «She Was Hot» (1984)
|
«Undercover of the Night» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones frå 1983 og den første singelen frå albumet Undercover.
Songen er hovudsakleg skriven av Mick Jagger, og i omslaget til samleplata Jump Back seier gitarist Keith Richards at songen var Jagger sin og at han berre spelte gitar på han. Songen vart truleg skriven i Paris seint i 1982, der plata vart innspelt.
Teksten omhandlar den då pågåande politiske korrupsjonen i Mellom- og Sør-Amerika.
« | All the young men, they've been rounded up; And sent to camps back in the jungle; And people whisper, people double-talk; Once proud fathers act so humble. |
» |
Jagger fortalte i omslaget til Jump Back at songen var kraftig påverka av Cities of teh Red Night av William Burroughs. Innspelinga av songen starta tidleg i 1983 og heldt fram seinare på sommaren i New York City. Songen vart spelt inn i to utgåve, ein med bassist Bill Wyman og ein annan med gjestebassist Robbie Shakespeare. Songen er rytmisk med rytmar av Sly Dunbar, Martin Ditcham, Moustapha Cisse og Brahms Coundoul, på forskjellige rytmeinstrument. Orgelet vert spelt av Chuck Leavell, som seinare vart fast pianist for Rolling Stones.
«Undercover of the Night» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet 1. november 1983. Songen vart først godt motteke og nådde 9. plass i USA og 11. plass i Storbritannia, men songen forsvann raskt frå listene, kanskje på grunn av den valdelege teksten til Jagger.
Ein gjennomarbeidd musikkvideo vart laga for songen der Jagger som kriminalbetjent hjelper ei ung kvinne å følgje etter nokre folk som har kidnappa kjærasten hennar. Richards er leiaren for kidnapparane og skyt til slutt Jagger.
Liste (1983–84) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[1] | 27 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] | 19 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] | 5 |
Canada Top Singles (RPM)[4] | 11 |
Tyskland (Media Control AG)[5] | 20 |
Irland (IRMA)[6] | 10 |
Nederland (Mega Single Top 100)[7] | 4 |
New Zealand (RIANZ)[8] | 10 |
Noreg (VG-lista)[9] | 8 |
Sverige (Sverigetopplistan)[10] | 15 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] | 18 |
UK Singles (Official Charts Company)[12] | 11 |
US Billboard Hot 100[13] | 9 |
Liste (1984) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100[14] | 93 |