Up from the Skies Singel av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Axis: Bold as Love | ||
B-side |
«One Rainy Wish» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. februar 1968 | |
Innspelt | 29. oktober 1967 i Olympic Sound Studios i London | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | Reprise, Barclay | |
Komponist | Jimi Hendrix | |
Tekstforfattar | Jimi Hendrix | |
Låtskrivar(ar) | Jimi Hendrix | |
Produsent | Chas Chandler | |
The Jimi Hendrix Experience-kronologi | ||
«Foxy Lady» (1967) |
Up from the Skies | «All Along the Watchtower» (1968)
|
«Up from the Skies» er ein song av Jimi Hendrix, spelt inn av The Jimi Hendrix Experience for albumet Axis: Bold as Love frå 1967. Songen omhandlar utanomjordisk liv som kjem til jorda og er uroa over øydelegginga menneska som lever der har gjort. Han vart gjeven ut som den einaste singelen frå Axis: Bold as Love, berre i USA og Frankrike, og nådde 82. plass i USA.[1]
«Up from the Skies» vart spelt inn 29. oktober 1967, den siste innspelingsdagen for albumet, i Olympic Sound Studios i London.[1] Matthew Greenwald frå allmusic har skildra songen som «Musikalsk ein frisk, jazz-basert song, og ganske annleis noko på debutalbumet.»[2]
Trass i at singelen var langt mindre kommersiell enn dei førre singlane, vart «Up from the Skies» generelt godt motteken. Rolling Stone-kritikar Parke Puterbaugh meinte at songen var ein effektiv opningssong.[3]
«Up from the Skies» er spelt inn av mange andre artistar, hovudsakleg på hyllestalbum.[4] Av artistar som har spela songen finn ein Sting, Ellen McIlwaine, Joan Jett and The Blackhearts, Rickie Lee Jones og The Hamsters.[4]