Venjamin Aleksandrov

Venjamin Aleksandrov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 18. april 1937
Moskva
Død 6. november 1991 (54 år)
Moskva
Idrett ishockey
Tok del i Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1960
Utmerkingar Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Venjamin Venjaminovitsj Aleksandrov (18. april 193712. november 1991) var ein sovjet-russisk ishockeyspelar frå Moskva som vart olympisk meister 1964 og 1968, samt verdsmeister 1963, 1965, 1966 og 1967. I tida 1957-68 deltok han for Sovjetunionen i samtlege verdsmeisterskap og olympiske leikar, med unnatak for Ishockey-VM 1962, ein meisterskap Sovjetunionen boikotta.

Aleksandrov var vengspelar og skåra 119 mål på sine 161 landskampar. Perioden 1957-61 var han med å vinne tre sølvmedaljar og deretter to bronsemedaljar i verdsmeisterskapane og i Vinter-OL 1960. Frå 1963 til -68 la Sovjetunionen og Aleksandrov beslag på fyrsteplassen i VM- og OL-turneringane.

Aleksandr spelte for CSKA Moskva i fjorten sesongar, 1955-69. Ti av desse sesongane vann laget hans den sovjetiske ishockeyserien.