Viktor Konovalenko

Viktor Konovalenko
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 11. mars 1938
Nizjnij Novgorod
Død

20. februar 1996 (57 år)
Nizjnij Novgorod

Yrke ishockeyspelar
Høgd 168 centimeter

Viktor Sergejevitsj Konovalenko (11. mars 193820. februar 1996) var ein russisk ishockeyspelar frå Gorkij, landslagsmålvakt 1961-71 for Sovjetunionen.

Konovalenko vart verdsmeister med Sovjetunionens ishockeylandslag åtte gongar; 1963–68, 1970 og 1971. I to av meisterskapsturneringane vart han samstundes olympisk meister, Vinter-OL 1964 i Innsbruck og Vinter-OL 1968 i Grenoble.

Konovalenko spelte frå 1956 til 1971 på Torpedo Gorkij, utan å vinne eit einaste trofe.