Vladimir Sjadrin | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 6. juni 1948 Moskva |
Død | 26. august 2021 (73 år) Moskva |
Idrett | ishockey |
Tok del i | Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1976 |
Utmerkingar | Æresordenen, Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Vladimir Nikolajevitsj Sjadrin (6. juni 1948–26. august 2021) var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva. Perioden 1970-78 vann han fem VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.
Sjadrin vart verdsmeister i 1970, 1973, 1974, 1975 og 1978. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.
Senterløparen Sjadrin spelte på Spartak Moskva frå 1965 til 1979 og danna over mange sesongar ei frykta fyrsterekke i lag med vengane Aleksandr Jakusjev og Aleksandr Martinjuk. Han vart sovjetisk seriemeister 1967, 1969 og 1976, samt cupmeister i 1970 og 1971. Frå 1979 til han la opp i 1983 var han aktiv for den japanske ishockeyklubben Ōji Seishi, seriemeister 1982 og 1983.