Wally Badarou | |||
Wally Badarou i 2016 | |||
Fødd | 22. mars 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris i Frankrike | ||
Fødenamn | Waliou Jacques Daniel Isheola Badarou | ||
Opphav | Benin, Frankrike | ||
Aktiv | Sidan 1978 | ||
Sjanger | Synthpop, pop, jazz, jazzfusion, progressiv rock, afrikansk musikk, nyklassisk, minimalist | ||
Instrument | Klaverinstrument, gitar, programmering | ||
Tilknytte artistar | Level 42, Compass Point All Stars, M, Robert Palmer, Tom Tom Club, Talking Heads | ||
Plateselskap | Barclay Records (1978–1982) Island Records (1982–1995) Blue Mountain Music (1995–2002) Ishe Music (sidan 2002) | ||
Verka som | Komponist, låtskrivar, musikar, plateprodusent | ||
Far | Daouda Badarou |
Waliou Jacques Daniel Isheola «Wally» Badarou (fødd 22. mars 1955) er ein fransk musikar. Han var fødd i Frankrike med aner frå Benin i Vest-Afrika. Badarou er mest kjend for det tette bandet til den engelske gruppa Level 42, og for arbeidet som studiomusikar for ei lang rekkje musikarar verda over.
Badarou var ein del av det faste bandet til Island Records, Compass Point All Stars (med Sly and Robbie, Barry Reynolds, Mikey Chung og Uziah «Sticky» Thompson), som spelte på album av Grace Jones, Tom Tom Club, Joe Cocker, Mick Jagger, Black Uhuru, Gwen Guthrie, Jimmy Cliff og Gregory Isaacs.[1]
Badarou spelte òg klaverinstrument for artistar som Robert Palmer, Marianne Faithfull,[2] Herbie Hancock, M (Pop Muzik), Talking Heads, Foreigner, Power Station, Melissa Etheridge, Manu Dibango og Miriam Makeba.
Han har produsert album for Fela Kuti, Salif Keita, Wasis Diop, Trilok Gurtu, Carlinhos Brown og skrive musikk for filmar som Countryman og Kiss of the Spider Woman.
Han har gjeve ut soloalbum, som dei instrumentale Echoes (1983) og Words of a Mountain (1989). Førstnemnde inneheld «Chief Inspector», «Mambo» (sampla av Massive Attack for «Daydreaming» (Blue Lines)), og «Hi-Life». «Chief Inspector» nådde 46. plassen på UK Singles Chart i oktober 1985.[3]
Albumet Words Of A Mountain skal ha vore eit av dei første i verda som ikkje vart spelt inn på analoge lydband.[4]
Sidan tidleg i 2000-åra har han vore teaterskodespelar.