What a Fool Believes Singel av The Doobie Brothers | ||
B-side |
Don't Stop to Watch the Wheels | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1979 | |
Innspelt | August 1978 | |
Studio | Warner Bros. Recording Studios, North Hollywood, California | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:41 5:28 (forlenga versjon) 7:11 (discoremiks) | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Kenny Loggins, Michael McDonald | |
Tekstforfattar | Michael McDonald | |
Låtskrivar(ar) | Michael McDonald, Kenny Loggins | |
Produsent | Ted Templeman | |
The Doobie Brothers-kronologi | ||
«Nothin' But a Heartache» (1977) |
What a Fool Believes | «Minute by Minute» (1979)
|
«What a Fool Believes» er ein song skriven av Michael McDonald og Kenny Loggins. Den mest kjende versjonen vart spelt inn av The Doobie Brothers (med McDonald på solovokal) for albumet deira Minute by Minute i 178. Singelen gjekk til topps på Billboard Hot 100 den 14. april 1979 for ei veke.[6] Songen vann Grammyprisen i 1980 for både årets song og årets singel.
Songen var ein av få songar som ikkje var disco som gjekk til topps på Billboard Hot 100 dei første åtte månadane av 1979.
Det vart hevda at Michael Jackson bidrog til minst eit av lydspora på den originale Doobie Brothes-innspelinga, men vart ikkje oppført for dette.[7] Dette vart seinare avvist av bandet.[8]
Andre musikarar
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Kenny Loggins gav ut ein versjon av songen (fem månadar før The Doobie Brothers) i 1978 på albumet sitt Nightwatch, og eit konsertopptak i 1980 på albumet Kenny Loggins Alive. Originalversjonen til Loggins er sungen frå synspunktet til ei kvinne og ikkje ein mann.
Ein duettversjon av Loggins/McDonald i lag finst på Loggins-albumet Outside: From the Redwoods i 1993.[21]
Warner Brothers gav òg ut ein 12" discoversjon av The Doobie Brothers i 1978 (med B-sida «Don't Stop to Watch the Wheels»), som nådde 40. plassen på Billboard's Disco Action Chart i april 1979. Denne var miksa av discoprodusenten Jim Burgess.[22]
Fleire andre artistar har spelt inn songen, mellom anna:
Songen er med i videospelet Grand Theft Auto V frå 2013[25] på radiostasjonen Los Santos Rock Radio, der programleiaren var medlåtskrivaren Kenny Loggins.