Wild Atlantic Way (irsk Slí an Atlantaigh Fhiáin) er ei turistrute langs vestkysten og delar av nord- og sørkystane av Irland. Køyreruta er på 2 500 km[1] og går gjennom ni county og tre provinsar. Ho går frå s Inishowen-halvøya i County Donegal i Ulster til Kinsale i County Cork i Munster, ved kysten av Det keltiske havet.[2]
Ruta er delt opp i fem delar:[3]
Ruta omfattar 157 oppdagingspunkt (discovery points), 1000 attraksjonar og over 2500 aktivitetar. Ho blei offisielt opna i 2014 av den irske ministeren for turisme og idrett Michael Ring, T.D.[4]