«Wooden Ships» Song av Crosby, Stills & Nash frå albumet Crosby, Stills & Nash | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:29 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | David Crosby | |
Tekstforfattar | David Crosby, Stephen Stills, Paul Kantner | |
Låtskrivar(ar) | Stephen Stills Paul Kantner David Crosby | |
---|---|---|
Produsent | Bill Halverson David Crosby Graham Nash Stephen Stills |
Wooden Ships Song av Jefferson Airplane frå albumet Volunteers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 6:24 | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | David Crosby | |
Tekstforfattar | David Crosby, Stephen Stills, Paul Kantner | |
Låtskrivar(ar) | Stephen Stills Paul Kantner David Crosby | |
---|---|---|
Produsent | Al Schmitt |
«Wooden Ships» er ein rockesong skriven av David Crosby, Stephen Stills og Paul Kantner (frå Jefferson Airplane) seint i 1960-åra. Songen vart skriven og komponert på båten til Crosby i Florida. Crosby skreiv musikken, medan Stills og Kantner skreiv teksten.[1]
Paul Kantner kunne ikkje offisiell tilskrivast som låtskrivar på songen på grunn av juridiske spørsmål, men han er tilskriven på utgåva av albumet som kom ut i 2006. Songen vart òg gjeven ut av Jefferson Airplane same året på albumet Volunteers. Begge versjonane av songen vert rekna som originalversjonar, men dei er temmeleg forskjellig på tekst- og melodimessig.
Horror grips us as we watch you die
Stephen Stills & Paul Kantner (1969)
|
Crosby spelte inn ein demoversjon av songen solo i mars 1968 med melodien, men utan teksten. Stills spelte inn sin eigen demo månaden etter med det meste av teksten på plass.
«Wooden Ships» vart skriven på høgda av Vietnamkrigen, ei tid då det var store spaningar mellom USA og Sovjetunionen og atomkappløpet i den kalde krigen. Songen omhandlar frykta for ein apokalyptisk atomkrig.