Your Smiling Face Singel av James Taylor frå albumet JT | ||
B-side |
If I Keep My Heart Out of Sight | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1977 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 2:30 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | James Taylor | |
Produsent | Peter Asher | |
James Taylor-kronologi | ||
«Handy Man» (1977) |
Your Smiling Face | «Honey Don't Leave L.A.» (1977)
|
«Your Smiling Face» er ein song av James Taylor, først gjeven ut på albumet JT, og så gjeven ut på singel i september 1977. «Your Smiling Face» nådde 11. plassen på Cash Box-lista og 20. plassen på Billboard Hot 100 mot slutten av året.[1] Han nådde 11. plassen på RPM Top Singles-lista i Canada.[2] På Billboard si Adult Contemporary-liste nådde han 6. plassen.[1][3]
Linjer som «Isn't it amazing a man like me can feel this way?» speglar Taylor si overrasking over den nyvunne lykka si i forholdet til Carly Simon.[4] Rolling Stone-kritikaren Peter Herbst skildra han som «skamlaust lukkeleg».[5] Ifølgje Taylor-biografen Timothy White vart likevel songen skriven til Taylor og Simon si då tre år gamle dotter Sally.[6] White skildra songen som ein «pop -sonette».[6] Billboard Magazine skildra songen som ein «sterk oppfølgjar» til «Handy Man» og meinte melodien var «livleg» og «smittsam».[7] Taylor skildra songen som ein «god, letthjarta popkjærleikssong».[6] Cash Box sa at «litt finurleg stemmegymnastikk som tilfører det avgjerande personlege preget».[8] Herbst rosar vokalen til Taylor for å vera «ein ganske overbevisande rocksongar» på songen.[5]
«Your Smiling Face» var eit fast innslag på konsertane til Taylor, men han måtte forlata songen ei stund då han gjekk gjennom ein periode der han hadde problem med å nå falsetttonane.[6]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|