«Zorra» Song av Nebulossa[1] | ||
![]() | ||
Land | Spania | |
Språk | Spansk | |
Utgjeve | 15. desember 2024 | |
Lengd | 03:13 | |
Selskap | Atomic, Indica | |
Komponist | Mery Bas, Mark Dasousa | |
Tekstforfattar | Mery Bas, Mark Dasousa | |
Låtskrivar(ar) | Mark Dasousa, Mery Bas |
---|
«Zorra» (spansk uttale: [ˈθora], norsk omsetjing ‘tispe’)[2] er ein song frå 2023 med den spanske synthpopduoen Nebulossa[3]. Songen blei gjeven ut 20. desember 2023 og vann songtevlinga Benidorm Fest 2024 – den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gjennom sigeren blei «Zorra» bidraget til Spania i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
«Zorra» er skriven av medlemmane i den spanske synthpopduoen Nebulossa[4].
Tittelen på songen, som blir gjenteken fleire gongar i teksten, tyder tispe (i kontekst ein kvinneleg rev), men er også knytta til vulgære konnotasjonar, ettersom zorra ofte blir brukt i tydinga hore eller tøs i spansk slang.[5] Det blei difor stilt spørsmål ved som potensielt brot på Eurovision-regelverket. Den europeiske kringkastingsunionen, som har ansvaret for å organisere og overvake konkurransen, forklarte i en offentleg fråsegn til El País at bruken av ordet ikkje utgjorde eit brot på tevlingsreglane.[6]
I ein artikkel hos Wiwibloggs blei ordet zorra skildra som «eit av de mest openberre tilfella av innebygd sexisme i det spanske språket»; den eufemistiske tydinga av den mannlege ekvivalenten, zorro, har positive konnotasjonar, medan zorra oftast blir brukt som ei kvinnefiendtleg fornærming.[7] Songen – med sitt tema om kvinners myndiggjering – brukar dette og forsøker å tileigne seg fornærminga på nytt; teksten kritiserer eit samfunn som ser negativt på kvinner for alt, og omfamnar eigenskapane til kvinneleg sjølvstende som kan kallast zorra.[7] Den siste linja i det fyrste verset er «Cambiar por ti me da pereza», som tyder «Gidd ikkje å endre meg for deg».[7][2]
«Zorra» blei gjeven ut 15. desember 2023 og var blant bidraga i den spanske musikktevlinga Benidorm Fest 2024.[8][9][10] Songen vann finalen laurdag 3. februar og ble med det bidraget til Spania i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[11] Som eit av de fem store landa var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai.[12] I finalen fekk «Zorra» 30 poeng og enda på 22. plass.[13][14]
Liste (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Hellas Internasjonal (IFPI)[15] | 26 |
Litauen (AGATA)[16] | 17 |
Spania (PROMUSICAE)[17] | 5 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[18] | 13 |
UK Singles Sales (OCC)[19] | 47 |