Alexander Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1899 Bergen |
Død | 4. juni 1975 (76 år) Bergen |
Idrett | fotball |
Alexander Olsen (5. mars 1899–4. juni 1975) var ein norsk fotballspelar frå Bergen, kanskje landets beste fotballspelar utover 1920-talet. Han var senterhalf på Noreg sitt fotballandslag mykje av tida 1919-32, då han spela 37 landskampar. Han vart nordisk meister for Noreg 1929-32 og vann to NM-gull med Brann. Olsen tok seinare namnet Alexander Nagelsett og arbeidde som elektromontør.
Olsen/Nagelsett spela for Brann frå 1918. I sin debutsesong spela han cupfinale med laget, ein kamp som enda med tap 0-4 for FK Kvik frå Halden. Han var sentral då Brann vann cupfinalen både i NM 1923 og NM 1925. Det var i desse åra, Olsen si «glanstid» at la Brann om til ein spelestil med kortpasningar, den «nesten revolusjonerende» spelestilen skulle visstnok vere «importert fra Skottland»[1].
Etter 1932 spela Olsen for Sportsklubben Gjøa i Oslo.[2]
«Sanderen», som han vart kalla, landslagsdebuterte i 1919 i ein heimekamp mot Nederland, ein kamp som enda 1-1. Frå midt på 1920-talet var han sentral på landslaget, skåra sitt einaste landslagsmål då han 7. juni 1925 vart matchvinnar mot Finland; Noreg vann 1-0 på Holmen stadion i Aker. Noreg vart nordisk meister i fotball for perioden 1929-32 og vart tildelt «Guldkruset». I alt spela han han 37 landskampar for Noreg, dei fire siste i jubelåret 1932.
Olsen var ein underhaldande fotballspelar, med framifrå teknikk og ballkontroll. Gjennom åra skal han også ha spela keeper, back og forward.
Alexander Nagelsett døydde i Bergen i 1975 og er gravlagd på Møllendal.