Armin Kogler | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 4. september 1959 (65 år) Innsbruck |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Armin Kogler (fødd 4. september 1959) er ein austerriksk tidlegare skihoppar.
Etter at han overraskande vann VM i skiflyging i 1979, sette Kogler i 1981 ny verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 180 meter. I løpet av dei neste åra tok han to samanlagtsigrar i verdscupen, samt verdsmeistertittelen i normalbakke. I 1984 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.
Etter hoppkarrieren utdanna Kogler seg til flygar, og han har i ei årrekke jobba som pilot i Tirolean Airways. Han har dessutan jobba som ekspertkommentator under ORF sine hoppsendingar.
Kogler er gift og har to døtrer.