Attila Zsivóczky | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 29. april 1977 (47 år) Budapest |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Attila Zsivóczky (fødd 29. april 1977) er ein ungarsk tidlegare mangekjempar frå Budapest. Han vann bronsen i tikampen under VM 2005, året etter vann han sølv i same ved EM 2006. Gyula Zsivótzky, olympisk meister i sleggjekasting, var far hans.
Attila Zsivóczky varti 1996 junior-verdsmeister i tikamp i Sydney. Fem år seinare kneip han fjerdeplassen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I 2005 vart han med 8 480 poeng andremann i Götzis-stemnet, 54 poeng bak Roman Šebrle frå Tsjekkia. Under verdsmeisterskapen i Helsinki same året fekk Zsivóczky bronsemedaljen i tikampen, slått av Bryan Clay frå USA og nemnde Šebrle. Sommaren 2006 sikra Zsivóczky seg, med liten margin, sølvmedaljen då europameisterskapen fann stad i Göteborg, atter vart han klart slått av Roman Šebrle.
Zsivóczky sin personlege rekord i tikamp oppnådde han i juni 2000, med 8 554 poeng vart han då femtemann under meistermøtet i Götzis.