Bo Giertz | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 31. august 1905 Borgholms kommun, Räpplinge församling |
Død |
12. juli 1998 (92 år) |
Yrke | prest, skribent, bibelomsetjar, omsetjar, teolog |
Språk | svensk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Knut Harald Giertz |
Mor | Anna Ericsson |
Bo Giertz på Commons |
Bo Harald Giertz (fødd 31. august 1905 i Räpplinge på Öland, død 12. juli 1998 på Djursholm) var ein svensk biskop og forfattar.
Bo Giertz var son til Anna, fødd Ericsson, og professor Knut Harald Giertz.
Bo Giertz tok artium i Stockholm 1924, og same hausten begynte han å studere ved Uppsala universitet. Giertz kalla seg ateist då han begynte på medisinstudia. Seinare gjekk over til å studere latin, gresk og antikk historie. Etter å ha høyrt ei forelesing av Natanael Beskow bestemde han seg for å bli ein aktiv kristen og studere til prest. Han heldt fram studia i Roma våren 1927 og i Jerusalem våren 1931. Han vart cand.fil. i 1928 og cand.teol. 1931. I 1932 vart han reisesekretær for Sveriges kristliga gymnasiströrelse. 28. desember 1934 vart han ordinert til prest, og i 1938 vart han kyrkoherde i Torpa.
På denne tida skreiv han mange av sine viktigaste bøker. [1]
1. april 1949 vart Bo Giertz utnemnd til biskop for Göteborgs stift. [2]
Blant anna gjennom bøkene har Giertz inspirert fleire generasjonar prestar. Etter at han i 1970 gjekk av med pensjon, tok Giertz for alvor laus på arbeidet med å omsetje Det nye testamentet. Omsetjinga var klar i 1981.
År 2004 valde lesarane i Kyrkans tidning Giertz til 1900-talets viktigaste kristne leiar i Sverige.
Bo Giertz vart gift i 1932 med Ingrid Sofia Margareta Andrén (1908-1942), sidan (1945) med finlandsfødde Elisabeth Margareta af Heurlin (1919-1968) og sist (1983) med Karin Lindén, (1931-1996).[3][4]
Fullstendig bibliografi trykt i festskriftet "Till Bo Giertz 31 augusti 1965" 1965.