Conrad («Conny») Schnitzler (17. mars1937–4. august2011) var ein produktiv, tysk eksperimentell musikar. I 1970-åra var han knytt til det vesttyske krautrock-miljøet. Han var med å skipe Zodiak Free Arts Lab i Vest-Berlin,[1] og var tidleg medlem i Tangerine Dream (1969–1970). Sidan skipa han bandet Kluster. Han slutta i Kluster i 1971 og arbeidde med gruppa Eruption før han fokuserte på solokarrieren. Schnitzler har arbeidd med mange andre musikarar innan elektronisk musikk.[2]
Schnitzler var fødd i Düsseldorf. Faren var tysk og mora italiensk. Han var gift og hadde tre barn,[1] mellom anna sonen Gregor Schnitzler, fødd i 1964 i Berlin og som er filmregissør.[3] Schnitzler døydde av magekreft den 4. august 2011 i Berlin.[4]
Schitzler laga introduksjonsmusikken for debut-EP-en til det norske black metal-bandet Mayhem, Deathcrush i 1987, etter eit møte med gitaristen Euronymous i midten av 1980-åra. Det instrumentale sporet, kalla «Silvester Angfang», vart tilfeldig vald ut frå arkivet til Schnitzler under besøket.[5] Stykket vert framleis spelt på dei fleste konsertane til bandet.[6]
Kluster 2007 (med Michael Thomas Roe og Masato Ooyama)
rare tracks 1979–1982 (med miksar av Dompteur Mooner) Erkrankung durch Musique Records
20070709 (med Bernhard Woestheinrich)
2009
Aquafit (med Big Robot) – Karisma. Norway
Kluster 2008: Three Olympic Cities Mix (med Michael Thomas Roe og Masato Ooyama)
Horror Odyssee (med Big Robot) – TIBProd. Italy
2010
Kluster 2009: Three Voices (med Michael Thomas Roe og Masato Ooyama)
2011
Consequenz 010B (med Wolfgang Seidel) – Mirror Tapes
Kluster CMO 2010 (med Michael Thomas Roe og Masato Ooyama)
Against The Grain (med Håvard Tveito, Ole Christensen, Kjetil Manheim, Johannes Stockhausen Hektoen, Fredrik Owesen, Tord Litleskare, Nils Martin Haugfoss, Marius Håndlykken, Shawn Ytterland og Vigleik Skogerbø)