McCartney ønskte å spele in Driving Rain på liknande måte som Run Devil Run. Utanom to songar, vart det spelt inn med David Kahne som produsent på berre to veker, med start i februar 2001. I studio tok McCartney med seg musikarane han hadde tenkt å bruke på den påfølgjande turneen. Biletet på plateomlaget vart teke med eit armbandsur med innebygd kamera frå Casio,[1] og ikkje eit Game Boy-kamera slik ein tidlegare trudde.
Driving Rain inneheld mange songar inspirert av og skrivne for Heather Mills[treng kjelde], som vart den andre kona til McCartney. «Back in the Sunshine Again» vart skriven av McCartney og sonen, James.[2] Den 11. september 2001 sat McCartney på eit fly i New York City då terroriståtaka skjedde og vart vitne til hendingane frå flysetet. Som ein reaksjon på tragedien skreiv han «Freedom» og organiserte i lag med Harvey WeinsteinThe Concert for New York City, eit massivt stjerneshow i Madison Square Garden den 20. oktober der «Freedom» vart framført.
Songen «About You» vart skriven for Mills, som takk for å hjelpen McCartney fekk med å takle sorga etter at den første kona hans, Linda McCartney, døydde.[3]
I november 2001 kom Driving Rain ut til sterke meldingar, men det selde overraskande dårleg, berre 66 000 eksemplar den første veka i USA.[16] Det kan ha kome av mangelen på ein hitsingel, og Driving Rain nådde 46. plassen i Storbritannia,[17] og vart det dårlegast selde albumet hans i heimlandet. I USA nådde albumet 26. plassen og selde til gullplate.
I april 2002 la McCartney ut på Driving World-turneen.
Sidan «Freedom» vart lagt til Driving Rain i siste augneblink, står han ikkje oppført i plateomslaget og er dermed eit løynd spor. «Freedom» var eit konsertopptak frå The Concert for New York City med seinare studioopptak lagt til.
↑Clayson, Alan (2003). Paul McCartney. London: Sanctuary. s. 252. ISBN9781860744822.
↑Vincent Perez Benitez, The Words and Music of Paul McCartney: The Solo Years 2010, s. 158: «Your Way hearkens back to the sound of McCartney's first two albums of the 1970s … He composed About You for Heather Mills, thanking her for helping him get over his grief regarding the death of his first wife, Linda Eastman.»