«Eaea» Song av Blanca Paloma | ||
![]() | ||
Land | Spania | |
Språk | Spansk | |
Utgjeve | 20. desember 2022 | |
Sjanger | Nyflamenco | |
Lengd | 03:00 | |
Selskap | Warner Music Poland | |
Komponist | Blanca Paloma, Álvaro Tato | |
Tekstforfattar | Blanca Paloma | |
Låtskrivar(ar) | Blanca Paloma Ramos, José Pablo Polo, Álvaro Tato |
---|
«Eaea» er ein flamenco-inspirert song frå 2022 med den spanske artisten Blanca Paloma. Songen blei gjeven ut 20. desember 2022 og vann songtevlinga Benidorm Fest 2023 – den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gjennom sigeren blei «Eaea» det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia. Der enda songen på 17. plass.[1][2]
«Eaea» er skriven som en kallesong, eller voggesong, retta mot eit barn.[3] Tittelen «Eaea» har inga tyding utover å vere eit kallerop eller nynning. Sjølv har Blanca Paloma fortalt at songen er eit bodskap frå bestemoras kultur og musikalske røter til ho sjølv.[3] Då artisten var barn, song bestemora Carmen ein song som gjorde narr av døden – noko som stamma frå røtene til bestemora frå Sevilla.[3]
«Eaea» er ein såkalla nyflamenco, ein sjanger som blandar flamenco-rytmar og tonar med moderne musikkformer som pop, jazz, verdsmusikk, blues og elektropop.[3]
«Eaea» blei gjeven ut 22. desember 2022 og var blant bidraga i den spanske musikktevlinga Benidorm Fest 2023. Songen vann finalen laurdag 4. februar og ble med det det spanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[4][5] Som eit av dei fem store landa var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai.[6] I finalen fekk «Eaea» 100 poeng og enda på 17. plass.[7][8] Songen kom sist i telefonavrøystinga og fekk kun 5 poeng frå sjåarane; dei resterande 95 poenga kom frå fagjuryane.[9]
Liste (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
![]() |
67 |