Einar Østby | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. september 1935 Vinger |
Død | |
Yrke | langrennsløpar, friidrettsutøvar |
Einar Østby (17. september 1935–3. april 2022) i Vinger var ein norsk langrennsløpar som gjorde sin beste prestasjon då han vann bronsemedaljen på 15 km under verdsmeisterskapen 1962 i Zakopane. Østby var med på det norske stafettlaget som fekk sølvmedalje på 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, bak Finland. Dei andre på laget var Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Håkon Brusveen. Østby gjekk også på det norske stafettlaget under meisterskapa i både 1962 og 1964.
Østby vart aldri noregsmeister, men fekk med seg fem sølvmedaljar frå noregsmeisterskap. Tre av NM-medaljane kom på 15 km, alle etter Østby hadde lege i sekundstrid med vinnaren. Nærast var han i 1963, då han kom i mål 3,3 sekundar etter Reidar Hjermstad. Men også i 1960 og 1964 var han færre enn ti sekundar bak noregsmeisteren på distansen. Østby var medlem av Jaren Idrettslag.