Eva Knardahl | |||
| |||
Fødd | 10. mai 1927 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 3. september 2006 (79 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1939–2006 | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist, musikkpedagog, professor | ||
Prisar | Spellemannprisen i klassisk musikk/samtidsmusikk, Griegprisen, Spellemannprisen i klassisk musikk/samtidsmusikk, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden |
Eva Knardahl Freiwald (10. mai 1927–3. desember 2006) var ein norsk klassisk pianist.
Knardahl var elev hjå Mary Barratt Due og Ivar Jonsen og debuterte i Universitetets aula i 1939 som solist med Oslo Filharmoniske Orkester. Ho spela på dei fleste kontinenta og i 15 år var ho pianist ved Minneapolis Symphony Orchestra. I 1967 kom Knardahl attende til Noreg og vart godt motteken av det norske publikumet. Det store talentet hennar vekte begeistring og ho vart ein av dei største personlegdomane i norsk musikkliv. Knardahl var heller ikkje redd for å gjera utradisjonelle ting. Ho spela mellom anna på Molde Jazzfestival, spela saman med Vazelina Bilopphøggers og Stabekk janitsjarorkester og ho spela inn ei plate saman med Ola Snortheim og Morgan Lindstrøm i folk-elektronica-gruppa Langsomt Mot Nord (Westrweg, 1988).
I mai 1995 vart Eva Knardahl ramma av hjarteslag og vart lam i venstre side av lekamen. På trass av dette kjempa ho seg attende til pianokrakken og hadde alt året etter fleire konsertar både inn- og utland
Eva Knardahl døydde på Nordseterhjemmet i Oslo, 79 år gamal.