«Fångad av en stormvind» Singel av Carola Häggkvist frå albumet Carola Hits | ||
Land | Sverige | |
Språk | Svensk | |
Utgjeve | 1991 | |
Sjanger | slager | |
Lengd | 3:00 | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | Stephan Berg | |
Tekstforfattar | Stephan Berg | |
Låtskrivar(ar) | Stephan Berg | |
---|---|---|
Carola Häggkvist-kronologi | ||
«All the Reasons to Live» (1991) |
«Fångad av en stormvind» | «Stop Tellin' Me Lies» (1991)
|
«Fångad av en stormvind» (norsk omsetjing ‘fanga av ein stormvind’) er ein svensk popsong frå 1991 som vann Eurovision Song Contest 1991 for Sverige. Songen blei framført av Carola og er skriven av Stephan Berg. Dette var den tredje sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, og songen gjekk inn på hitlistene i fleire europeiske land. I Noreg låg han ein veke på VG-lista. Dette var fyrste gongen sidan «Hold Me Now» i 1987 at ein Eurovision-vinnar nådde VG-lista.[1][2]
«Fångad av en stormvind» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1991 | |||||
Land | Sverige | ||||
Alias | Carola | ||||
Språk | Svensk | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 146 | ||||
Finaleplass | 1 | ||||
Sverige i Eurovision Song Contest | |||||
|
For tredje gong deltok Carola i svenske Melodifestivalen, og «Fångad av en stormvind» var ein av ti låtar som deltok i den svenske finalen i Malmö laurdag 31. mars 1991. Der vann ho og songen ein klår siger, og blei det svenske bidraget til Eurovison Song Contest i Roma 4. mai. Dette var andre gongen Carola representerte Sverige; fyrste gongen var i 1983, då ho blei nummer tre med «Främling».
I den internasjonale finalen var «Fångad av en stormvind» det åttande bidraget ut på scena av 22 bidrag. Carola framførte songen med eit forrykande nummer, flankert av to mannlege dansarar, tre støttevokalistar og ein vindmaskin som fekk det til å sjå ut som om Carola stod i nettopp ein stormvind. Dette var fyrste gongen vindmaskin blei brukt i Eurovision Song Contest. Under framføringa til Carola forsvann delar av ljoden i salen, etter sigande fordi vindmaskinen slukte for mykje strøm, slik at ei sikring kortslutta.[3] Men ljoden forsvann ikkje for sjårarane og juryane som følgde tv-sendinga, og Carola fekk difor ikkje framføre songen på nytt.[4][5]
Avrøystinga blei også trøblete for Sverige. Etter ei jamn og spennande avrøysting enda både Sverige og Frankrike på delt fyrsteplass med 146 poeng. For å kåre ein vinnar, talde EBU kor mange toppoeng dei to landa hadde fått. Begge hadde fått fire 12-poengarar, og dimed talte ein 10-poengarane. Sverige hadde fått fem 10-poengere, mens Frankrike berre hadde fått to. Dimed blei Sverige erklært som vinnar. Den norske jurygruppa hadde Frankrike på topp og Sverige på tredjeplass.[6]
Under vinnarreprisen song Carola den engelske versjonen av songen, kalla «Captured by a Lovestorm». Den engelske teksta var skriven av Richard Hampton og blei gjeven ut i Europa.[7] I Noreg og Sverige blei den svenskspråklige versjonen gjeven ut.
«Fångad av en stormvind» fekk ein moderat kommersiell suksess etter sigeren og tok seg inn på singellistene i fleire land. I Noreg låg han ein veke på VG-lista, på ein sjetteplass.[8] I Sverige nådde han ein tredjeplass på singellista, og han låg ti veker på Svensktoppen.[9][10]
Saman med «Främling» og «Hey Mickey» er «Fångad av en stormvind» ein av dei mest kjende låtane til Carola. Carola deltok i Eurovision Song Contest for tredje gong i 2006, då ho blei nummer fem med «Invincible».
Liste (1991) | Tittel | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Debutdato |
---|---|---|---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] | «Captured by a Lovestorm» | 22 | 8 | 9. juni 1991 |
Belgia, Flandern (Ultratop 30)[12] | «Captured by a Lovestorm» | 15 | 9 | 1. juni 1991 |
Nederland (Single Top 100)[13] | «Captured by a Lovestorm» | 65 | 5 | 8. juni 1991 |
Noreg (VG-lista)[1] | «Fångad av en stormvind» | 6 | 1 | Uke 21 1991 |
Sverige (Sverigetopplistan)[9] | «Fångad av en stormvind» | 3 | 6 | 24. april 1991 |