Ein folkehelt er ein type helt som blir beundra av folk, vanlegvis på grunn av store bedriftar.[1] Ein slik helt kan byggje på ein verkeleg, oppdikta eller mytologisk person,[2] og blir rekna som viktig av ei folkegruppe eller mindre samfunnsgruppe. Ein folkehelt kan også vera ein nasjonalhelt.
Den einaste eigenskapen som skil ein populær heilt frå andre karakterar, er viktigheita av namnet hans, personlegdommen hans og handlingar i den kollektive fantasien. Dette nærværet i populært medvit blir bekrefta av referansane til denne karakteren i folkesongar, soger og andre former for folkeminne eller poulærkulturelle former som litteratur og media.
Sjølv om nokre folkeheltar har vore verkelege historiske skikkelsar, er dei vanlegvis ikkje det. Fordi liva til desse folkeheltane vanlegvis ikkje er baserte på historiske oppteikningar, blir eigenskapane og gjerningane deira ofte overdrivne til mytologiske proporsjonar.
Folkehelten byrjar ofte livet sitt som ein normal person, men blir forvandla til ein framståande person av viktige hendingar, ofte som svar på sosial urettferd, konflikt eller nokre gonger naturkatastrofar. Mange er populære talsmenn mot undertrykking eller korrupsjon i den eksisterande maktstrukturen; fleire medlemmer av denne heltekategorien har vore fredlause. Same person kan også vera både folkehelt og folkeskurk (engelsk folk devil), anten blant ulike grupper eller til ulike tider.[3][4]
Jeanne d'Arc (1412—1431), fransk bondejente som leia den franske hæren under Hundreårskrigen etter å ha hevda at heilage røyrte fortalde henne at det var Guds vilje. Ho blei brend som kjettar og rekna som martyr og seinare helgen. Ho er no vernehelgen for Frankrike.
Paul Revere (1735-1818), amerikansk gullsmed og patriot under den amerikanske revolusjonen som utførte eit «midnattsritt» for å åtvara om at britane kom.
Simón Bolívar (1783–1830), venezuelansk militær og politisk leiar som kjempa for frigjeringa av dei spanske koloniane i Sør-Amerika som blei til statane Venezuela, Bolivia, Colombia, Ecuador, Peru og Panama.
Abraham Lincoln (1809–1865), amerikansk president under borgarkrigen, myrda ved eit attentat.
Sitting Bull (1831–1890), sjamanleiar for hunkpapa-lakotafolk
Joe Hill (1879–1915), amerikans fagforeriningsleiar urettvist dømt og avretta for drap
Billy the Kid (1859–1881), amerikansk fredlaus i Det ville vesten
Fridtjof Nansen (1861–1930), norsk polarutforskar og humanitæraktivist
Dorus Rijkers – Nederland, sjømann som redda meir enn 500 menn, kvinner og barn som kaptein på ein redningsbåt på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet
Mir Chakar Rind - Pakistan, balotsj-leiar og folkehelt frå 1500-talet nemnd i historia Hani og Sheh Mureed
José Rizal – Filippinane, kritikar av spanske kolonisatorar, skote i Bagumbayan (no Rizal Park)
Sarutobi Sasuke – Japan, akrobatisk spion som skal ha blitt oppdratt av aper og utdanna som ninja i provinsane Iga og Koga under gullalderen til ninjaene.