Ingeborg Nancy Refling Hagen (19. desember 1895 –30. oktober 1989 ) var ein norsk forfattar og kulturarbeidar.
Hagen var fødd på Tangen i Stange . Ho debuterte i 1920 med Når elv skifter leie , noveller frå gamalt Hedmarksmiljø . I tiåret som følgde kom det ei rekkje romanar og novellistiske forteljingar skrivne i ein fortetta, lyrisk-musikalsk stil med sterk eigentone. I 1932 stod ho fram som lyrikar med samlinga Jeg vil hem att , som blei ein nordisk salssuksess for lyrikk. No vart ho òg ein kjend og kjær opplesar av eigne dikt.
Under andre verdskrigen gjekk ho inn i motstandsarbeidet og redigerte Jøssingposten . Den illegale verksemda førte til at ho vart arrestert midt i desember 1941 .
Ingeborg Refling Hagen er opphavet til eit særeige kulturarbeid som etter krigen fekk stor framgang og vart kjend som Suttung-rørsla . Ei frukt av dette arbeidet var Suttungteateret på Tangen, gjennom mange år den einaste statsstøtta friteatergruppa i Noreg.
I 1977 vart ho tildelt Teskjekjerringprisen . Ho leverte prisen attende etter kort tid, fordi ho meinte NRK hadde gjort urimelege redigeringar i eit tv-innslag i høve tildelinga.[ 1]
Monumentet over nordmenn i Dei internasjonale brigadane i den spanske borgarkrigen står i Birkelunden i Oslo. Minneplata inneheld eit dikt av Ingeborg Refling Hagen.
Når elv skifter leie , Steenske forlag 1920.
Novella Svartsnær , Steenske forlag, 1921.
Loke sår havre , 1922.
Ugild , Aschehoug 1923
Valvarsel , Aschehoug 1924
Glaam , Aschehoug 1925
Marihand , Asch. 1926
Brudgommen , Asch. 1927, ny utgåve 1966, illustrert av Olav Bjørgum
Fostersverdet , Asch. 1928
Tidhvervsklokken , Asch. 1929
I skreddertimen , noveller, Asch.1930
Har du hørt det? , noveller, Asch. 1931.
Jeg vil hem att , dikt og noveller, Asch. 1932.
Lørdagskveld , dikt og noveller, Asch. 1933.
Jeg har møtt en engel , dikt og noveller, Asch. 1934.
Himmeriks hellesten , barnebok, illustrert av Reidar Aulie, Asch. 1935.
Hvor kom vi fra? , dikt og noveller, Asch. 1935.
Livets dans , Roman, Asch. 1936
Henrik Wergeland , dikt, utgitt saman med omsetjinga hennar av Wergelands skrift Jødesaken , Tiden 1936.
Utenfor Balkongen , Roman, Asch. 1937
Kjørekaren (Tre døgn på Storskogen 1 ), roman, Asch. 1937
Den gamle pioner , dikt, ill. av Dagfinn Werenskjold [[Tiden, 1937.
Sognebudet (Tre døgn på Storskogen 2 ), roman, Asch. 1938
Annendagsfesten , dikt, Asch. 1938
Den nye læreren (Tre døgn på Storskogen 3 ), Asch. 1939.
Låndag på Skolen , litterør ønskeliste for barn, stensil-utgåve 1939, nye opplag på Suttung forlag.
Ridderleken , barnebok 1940 (Stensilutgåve)
Mytesanger , norrøn mytologi for barn, stensilutgåve 1940
Fedrenes guder , mytologi illustrert av Per Teigen. stensilutgåve 1941,opptrykk Suttung 1980 og 1992.
Hva er forskjellen på fengsel og dødsdom , dikt mot dødsstraff, eige forlag 1945.
Vi må greie oss selv , Livsfrisen 1, Asch. 1948.
Jeg vil lete og banke , Livsfrisen 2, Asch. 1949.
Den første morgentimen , Livsfrisen 3, Asch. 1950.
Jeg så det , Livsfrisen 4, Asch. 1950. Livsfrisen samla utgjeve på Suttung forlag 1977.
Agnes - ga du alt , barnebok, eige forlag 1953.
Elva flyt så stille under bakkelandet , dikt, Asch. 1954.
Kongen farer forbi Tangen , dikt, Asch. 1956.
I natt red'n Henrik forbi , ei samling Wergelandsminne, Asch. 1958.
Livet svikter ikke li vet, dikt, Asch. 1960.
Jeg foretrekker lyset , dikt, Asch. 1962.
Ellisiv og Harald Hardråde , noveller og dikt, Asch. 1966.
Også vi når det blir krevet , barnebok, barnebladet Magne 1967.
Underveis , prolog til åpningen av DNAs landsmøte, DNA 1967.
Jeg vil hem att – Utvandrerdikt , Suttung forlag, 1970.
Eventyr og historier fra Mostua , I-VI, Suttung forlag, 1967–73.
Guds Tuntre , dikt, Suttung forlag 1972
Vi løfter de lenkede hendene våre , Skodespel til minne om Andrew Furuseth , Suttung forlag 1972
Jesabels latter , dikt, asch. 1973.
Lyst for og mørkt bak , prolog, Asch. 1974.
Spekulanten (livsfrisen 5), Suttung forlag 1975
«Når du går til kvinnen, så glem ikke pisken» , dikt, Asch. 1975
Sigrid og de andre , barnebok, Suttung forlag 1976.
Min venn jeg drømte det jo bare (livsfrisen 6), Suttung forlag 1977.
Ellisiv og Harald , dramatiserte dikt, utvida utgåve, Suttung forlag 1977.
Hilda og de andre , barnebok, suttung forlag 1978.
Lynglimt fra landeveien , enaktere, Suttung forlag 1979.
De unge , sjøvbiografi, Asch. 1979
Gudmund og de andre , barnebok, Suttung forlag 1980.
Gnister i mørket , sjølvbiografi, Asch. 1980.
Løftet må holdes , sjølvbiografi, Asch. 1982.
Vellystinger , dikt, Asch. 1983.
Vårvåt lørdagskveld , dikt, Asch. 1984.
Louise og de andre , 1984.
Tre dagers moro og tre dagers vent , 1996.
Under psevdonymet Inge Borg
Vi må greie oss selv , Tiden norsk forlag 1934
Verden er så stor så stor , Tiden norsk forlag 1935
Ingen penger, ingen billett , Tiden norsk forlag 1936
Skole og gode dager , Tiden norsk forlag 1937
Under psevdonymet Hans Haga
Møllerkammerset, første natt , Tiden Norsk Forlag 1936.
Møllerkammerset, annen natt , Tiden Norsk Forlag 1937.
Dessutan ei rekkje studiar i Shakespeare , Ibsen , Homer , Victor Hugo og Dante .
Jørgen Bukdahl . Om Ingeborg Refling Hagen i Det skjulte Norge . København, 1926. Gjenutgitt 1981; ISBN 82-521-2031-8
Svein Gundersen (red.) «Av skalden fikk vi landet» Festskrift til Ingeborg Refling Hagens 85-årsdag . Suttung forlag, 1980. ISBN 82-7066-212-7
Alfhild Kraugerud. Dikteriske virkemidler hos Ingeborg Refling Hagen . Aschehoug, 1951
Siri Lappegård (red.). Ingeborg Refling Hagen - uklar myte eller bevisst pedagog? : artikler om pedagogiske ringvirkninger . Oplandske bokforlag, 1995 ISBN 82-7518-051-1
Gunnar A. Steen (red). Eventyrets landeveier: foredrag fra Ingeborg-dagene 1995 . Suttung forl. , 2000 ISBN 82-7066-334-4
Vigdis Ystad . «Ingeborg Refling Hagen som modernist og ekspresjonist». i Norsk litterær årbok , 1995 s. 134-150
Vigdis Ystad. «Ingeborg Refling Hagen» I Norsk kvinnelitteraturhistorie . 1988-1990. ISBN 82-530-1433-3
Ingrid Elise Wergeland. Slik som kjærlighet vekker deg En bok om Ingeborg Refling Hagen . Aschehoug , 1995 ISBN 82-03-26114-0
Ingrid Elise Wergeland. «Ingeborg Refling Hagen : en magisk realist» radioforedrag trykt i NRK P2-akademiet ; bind F. 1996